Komponisten Steve Reich (til høgre) under ei framføring av Clapping Music.
Notene til klapperytmen som blir brukt i Clapping Music. (Midi-fil 
To diskar med like mønster som kan forskyvast i høve til kvarandre, slik klappemønstera i Clapping Music gjer.

Clapping Music er eit minimalistisk musikkstykke komponert av Steve Reich i 1972. Det er skrive for to utøvarar eller grupper som framfører det berre ved hjelp av klapping. Stykket er ein kanon[1] danna av ein enkel rytme som blir klappa av begge utøvarane. Ein av dei fortset med same rytmen gjennom heile stykket, medan den andre gradvis forskyv sin del. Dei to rytmane kjem i utakt og dannar ulike mønster, før dei til slutt er i fase att.

Reich fekk inspirasjon til stykket då han og ensemblet hans var på turne i Europa. Etter ein konsert i Brussel blei dei tekne med på ein flamencokonsert der dei to artistane mellom anna utførte rytmisk klapping (palmas flamencas). Opptredenen inspirerte Reich til å overføra fasearbeidet han hadde gjort med andre instrument til klapping.[2] Reich har sjølv sagt at han ønska å skriva eit musikkstykke som ikkje gjorde bruk av noko musikkinstrument anna enn menneskekroppen.[3]

I tidlegare verk, som Piano Phase, hadde dei ulike musikarane gått sakte inn og ut av fase med kvarandre. Clapping Music har meir presise endringar i rytme som endrar fasane frå ein utøvar, medan den andre utøvaren blir verande i den første fasen gjennom heile stykket. Reich har framført stykket ei rekkje gonger, men røpa i eit intervju i 2016 at han alltid hadde utført den første, lettare stemma som ikkje inneber endring av rytmen.[2]

Rytmen ein klappar er ein variant av ein bjøllerytme (bell pattern) i 12/8 takt kjend frå afrikansk musikk, med eit ekstra slag lagt til den gunnleggjande rytmen. Dei to utøvarane klappar i takt i byrjinga av stykket. Etter kvar 8. eller 12. takt flytter den andre klapparen seg ei åttandedelsnote til høgre. Stykket fortsett til denne andre utøvaren har flytta seg 12 åttandedelsnoter slik at han er i takt med den første att, etter 144 taktar. Det ekstra slaget som er lagt til grunnrytmen gjev eit interessant stykke ut frå den varierte synkoperinga ein oppnår etterkvart som stykket skrid fram.[4]

I 2012 blei det gjeve ut eit autorisert arrangement for solo piano av Clapping Music på albumet Which Way Is Up? av Simon Rackham.[5]

Imagine Dragons brukte Clapping Music som grunnlag for hitten sin «On Top of the World» frå 2012. Songen bruker berre eit sample av verket, og dei ulike rytmane endrar seg ikkje i løpet av songen.

Stykket blei spelt inn for og brukt på ein remix av David Bowie sin song «Love Is Lost». Remixen av James Murphy, kalla «Hello Steve Reich Mix for the DFA», blei gjeven ut som singel i 2013.

KjelderEndra

  1. «How I Wrote... Clapping Music - Steve Reich». Classic FM. Henta 19. september 2018. 
  2. 2,0 2,1 The Composer Steve Reich Talks to John Wilson. Front Row. 28. september 2016. 17:45 minutes in. 
  3. Steve Reich. «Steve Reich: Clapping Music - Work introduction». Writings about Music. universaledition.com. 
  4. Justin Colannino, Francisco Gomez, and Godfried T. Toussaint, «Analysis of emergent beat-class sets in Steve Reich's Clapping Music and the Yoruba bell timeline», Perspectives of New Music, april 2009.
  5. «Which Way Is Up?». cdbaby.com. Henta 24. desember 2017. 

BakgrunnsstoffEndra