Clara Ledesma
Clara Ledesma Terrazas (5. mars 1924–25. mai 1999)[1] var ein dominikansk-fødd amerikansk kunstnar.
Clara Ledesma | |
Statsborgarskap | USA, Den dominikanske republikken |
Fødd | 5. mars 1924 Santiago de los Caballeros |
Død |
25. mai 1999 (75 år) |
Yrke | kunstmålar |
Bakgrunn
endreLedesma var fødd i Santiago de los Caballeros. Ho gjekk på Escuela Ercilia Pepín og studerte kunst under Yoryi Morel på hans Academia Yoryi.[2]
Ledesma var ei av dei fyrste kvinnene til å byrja ved, og gå ut frå, den nasjonale kunstskulen i Santo Domingo. Ho fullførte dette studiet i 1948.[3][4] Professorane hennar var mellom anna Celeste Woss y Gil og George Hausdorf, medan hovudmentoren hennar var måleriprofessoren Josep Gausachs. Blant studentane ho gjekk i lag med var Gilberto Hernández Ortega og Eligio Pichardo. Etter å ha fullført utdanninga tok ho ei stilling som teiknelærer på same skule.[5]
Karriere og privatliv
endreI 1949 hadde Ledesma si fyrste soloutstilling ved Ateneo of San Pedro de Macorís.[2] I 1951 opna ho eit kombinert studio og galleri der ho viste fram sine eigne og andre kunstnarar sine verk. Med inntekta frå ei særs vellukka soloutstilling i 1952 reiste Ledesma til Europa for å fortsetta utdanninga si. Ho studerte måleri i Barcelona og Madrid, og viste verka sine i galleri i Spania. Ledesma reiste òg til Lisboa og Paris for å vitja viktige museum. Ho blei særleg påverka av verka til Marc Chagall, Joan Miró og Paul Klee. Under opphaldet sitt i Europa møtte Ledesma den bolivianske kunstnaren Walter Terrazas, som vende tilbake til Santo Domingo med henne i 1954.
I Santo Domingo arbeidde ho tett med andre viktige dominikanske kunstnarar, blant anna Gilberto Hernández Ortega, Josep Gausachs og Jaime Colson. I 1955 blei ho utnemnd til visedirektør for den nasjonale kunstskulen.
I 1961 flytta Clara Ledesma og mannen hennar til New York, der ho opna eit nytt galleri. Ho budde og arbeidde der til ho døydde i 1999.[4]
Ledesma døydde i Jamaica i Queens, 75 år gammal.
Utstillingar og kunstverk
endreLedesma hadde fleire internasjonale soloutstillingar, mellom anna i Madrid, Mexico by og New York, og deltok i gruppeutstillingar i Brasil, Spania, Cuba, Haiti, Venezuela, Argentina og Puerto Rico.
Verka hennar varierte i stil frå ekspresjonisme og surrealisme til abstrakt. Ho er kjend for bruken av strålande fargar, fantasifulle figurane og for kjensla av magi og mystikk som ho skapt i måleri og teikningar.
Det finst verk av Ledesma i ulike private samlingar over heile verda. Det er òg verk av henne ved Metropolitan Museum i New York, Metropolitan Museum i Miami, Museet for moderne kunst i Mexico, Samtidkunstmuseet i Madrid og Gallery of Modern Art. Det er òg stilt ut verk av henne ved Sarduy Gallery i New York, Art Gallery Nader, Signs of New York og Gallery of Contemporary Art í Santo Domingo.
Prisar og utmerkingar
endre- 1948: Gran Premio de Pintura de Bellas Artes en Escultura[5]
- 1949: Heiderleg omtale, Exposición Femenina de Bellas Artes, Brasil.[6]
- 1950: Tredje pris, måleri, La V Bienal Nacional de de Artes Plásticas de Santo Domingo[2]
- 1951: Representant for Den dominikanske republikken ved I Bienal Hispanoamerica de Arte i Madrid i Spania[2]
- 1954: Fyrste pris, teikning, La VI Bienal Nacional de de Artes Plásticas de Santo Domingo for Retrato[6]
- 1951: Representant for Den dominikanske republikken ved II Bienal Hispanoamerica de Arte i Havana på Cuba[2]
- 1956: Fyrste pris, måleri, La VII Bienal Nacional de Artes Plásticas de Santo Domingo[6]
- 1958: Fyrste pris, måleri, La VIII Bienal Nacional de Artes Plásticas de Santo Domingo, for El Sacrificio del Chivo[5][6]
- 1960: Andre pris, måleri, La X Bienal Nacional de Artes Plásticas de Santo Domingo, Crepusculo en una Aldea[5]
- 1960: Soloutstilling ved Contemporaries of New York
- 1963: Andre pris, måleri, og fyrste pris, teikning, La XI Bienal Nacional de Artes Plásticas de Santo Domingo[2]
- 1964: Andre pris, teikning, el Primer Concurso Anual de Arte Eduardo León Jimenes, for Eco atávico[7][2][6]
- 1996: Riddar av Fortenesteordenen til Duarte, Sánchez og Mella, tildelt av Leonel Fernández Reyna, president av Den dominikanske republikken[2]
- 1999: Diploma de Honor, Asociación Dominicana Críticos de Arte, ADCA/AICA (posthumt)[2]
- 2010: Nasjonal pris for plastiske kunster (posthum)[2]
- La Bienal de Madrid, Premio Nicaragua y Medalla de Oro
- Vald ut for kollektivet for medisinarforbundet for Puerto Rico med titelen «Maestros del Continente»
Kjelder
endre- ↑ Social Security Death Index, 1935-2014. Social Security Administration.
- ↑ 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 Clara Ledesma : espejo de la memoria : colección Fernando Báez Guerrero. [Santo Domingo,] República Dominicana: Ministerio de Cultura. 2014.
- ↑ «Dominican Art History: 10 Trailblazing Female Artists You Should Know» (på engelsk). Henta 1. oktober 2019.
- ↑ 4,0 4,1 «Clara Ledesma (1924 - 1999)» (på spansk). Henta 4. april 2023.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 «GALERIA DE ARTE DOMINICANA: Clara Ledesma». Henta 5. desember 2017.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 De los Santos, Danilo; Gil Fiallo, Laura; de Tolentino, Marianne (2008). Clara Ledesma : reino de fantasía (på spansk). Santo Domingo: Cámara de Diputados de la República Dominicana.
- ↑ «I Concurso | 1964 | Centro Cultural Eduardo León Jimenes» (på spansk). Arkivert frå originalen 22 October 2020. Henta 5 April 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Clara Ledesma» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2024.