Surrealisme
Surrealisme er ei kunstretning i biletkunsten og litteraturen som oppstod i byrjinga av det 20. hundreåret og var inspirert av det umedvitne, slik dette vert definert i psykoanalysen.
Surrealismen var påverka av Freud og teoriane hans om det undermedvitne. Den teoretiske og ideologiske grunngjevinga for kunstretninga stod frå 1921 fyrst og fremst den franske forfattaren, kunstteoretikaren og kritikaren André Breton for ved at han mellom anna skreiv dei ulike surrealistiske manifesta (les Manifestes du surréalisme).
Ordet surrealisme tyder over realiteten eller utover realiteten. Retninga freista å framstille det umedvitne ved å nytte som middel forvrenging av røyndomen og framandgjering. Forfattarar, målarar og skulptørar søkte grunnlaget for kunstuttrykka i menneskets eigen røyndom i det umedvitne, nytta inntrykk frå rus og draum som inspirasjonskjelde, freista å utvide medvitet og røynda på globalt nivå og å forkaste alle gjeldande verdiar. Surrealismen inneber difor ei anarkistisk oppfatning av kunsten og av verda.
Surrealistiske biletkunstnarar
endre- Hans Arp (1887–1966)
- Leonora Carrington (f. 1917)
- Giorgio de Chirico (1888–1978)
- Salvador Dalí (1904–1989)
- Paul Delvaux (1897–1994)
- Oscar Dominguez (1906–1957)
- Marcel Duchamp (1887–1968)
- Edgar Ende (1901–1965)
- Max Ernst (1891–1976)
- Alberto Giacometti
- Rudolf Hausner (1914–1996)
- Frida Kahlo (1907–1954)
- René Magritte (1898–1967)
- Robert Matta (1912–2002)
- Joan Miró (1893–1983)
- Richard Oelze (1900–1980)
- Meret Oppenheim (1913–1985)
- Wolfgang Paalen (1905–1959)
- Kay Sage (1898–1963)
- Yves Tanguy (1900–1955)
Surrealistiske forfattarar
endre- Antonin Artaud (1896–1948)
- André Breton (1896–1966)
- René Char (1907–1988)
- René Crevel (1900–1935)
- Robert Desnos (1900–1945)
- Paul Eluard (1895–1952)
- Joyce Mansour (1928–1986)
- Octavio Paz (1914–1998)
- Gisèle Prassinos
- Benjamin Péret (1899–1959)
- Raymond Queneau (1903–1976)
- Philippe Soupault (1897–1990)
- Tristan Tzara (1896–1963)
- Boris Vian (1920–1959)
Surrealistiske fotografar
endreSurrealistiske filmskaparar
endre- Luis Buñuel (1900–1983)
Kjelder
endre- Byggjer i utganspunktet på Wikipedia på bokmål, versjonen av 27.11.07
Bakgrunnsstoff
endre- Teksten til det surrealistiske manifestet.
- André Breton. Manifestes du surréalisme. [Paris] 1985: Gallimard; Folio/essais 5. ISBN 978-2-07-032279-4 ISBN 2-07-032279-3