Opna hovudmenyen

Clarence Clemons

amerikansk skodespelar og saksofonist

Clarence Anicholas Clemons (fødd 11. januar 1942 i Norfolk i Virginia, død 18. juni 2011 i Palm Beach i Florida) var ein amerikansk musikar kjend for samarbeidet sitt med Bruce Springsteen og The E Street band. Hans instrument var saksofon. Han gjekk under kallenamnet «Big Man».

Clarence Clemons
Clarence Anicholas Clemons
Clarence clemons Olbrich.JPG
Fødd11. januar 1942
FødestadNorfolk i Virginia
Død18. juni 2011 (69 år)
DødsstadPalm Beach i Florida
Alias«Big Man»
OpphavUSA
Aktiv1961-2011
SjangerRock, R&B
InstrumentSaksofon
Perkusjon
Vokal
Tilknytte artistarE Street Band

Bruce Springsteen
Aretha Franklin
Jackson Browne
Narada Michael Walden
Ringo Starr & His All-Starr Band
Aja Kim

Lady Gaga
PlateselskapColumbia Records
Verka somMusiker, skuespiller, idrettsutøver

Clemons spelte med Bruce Springsteen frå 1972, og han og saksofonen var med på å gje E Street den karakteristiske lyden. På dei songane som ikkje inneheld dele med saksofon hende det òg at han bidrog med andre instrument.

Clarence Clemons jobba ikkje berre med The E Street Band, men òg med mange andre kjende artistar i tillegg til at han har hatt mange eigne musikkprosjekt. Nokre av dei mest kjende er duetten han hadde med Jackson Browne på singelen You're A Friend Of Mine i 1985, og saksofoninnspelinga på Aretha Franklins låt «Freeway Of Love».

Clemons vaks opp i Norfolk i Virginia, kor han gjekk på Maryland State College (nå University of Maryland Eastern Shore) med eit stipend i både musikk og amerikansk fotball. Han hadde gode utsikter innan fotball heilt til ein skade øydela karrieren.

Clarence Clemons vart ramma av hjerneslag 12. juni 2011, og døydde seks dagar seinare av komplikasjonar.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.