Clarendon Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg sør på øya, omlag midtvegs mellom aust og vest. Det grensar til Manchester Parish i vest, Saint Ann i nord og Saint Catherine i aust. Det er eit av dei folkerikaste fylka på øya, med rundt 216 000 innbyggjarar. Den største byen og administrasjonssenteret er May Pen, med nær 50 000 innbyggjarar.[2] Andre større busetnader er Four Paths, Frankfield, Chapelton og Spalding.[2]

Clarendon
fylke
May Pen i Clarendon
Land  Jamaica
Region Middlesex
Hovudstad May Pen
Areal 807[1] km²
Folketal 215 515[2]
Kart
Clarendon Parish
17°43′59″N 77°09′00″W / 17.733°N 77.15°W / 17.733; -77.15
Wikimedia Commons: Clarendon Parish

Nord i Clarendon ligg Bull Head Mountains (ca. 850 moh.), som er rekna som senteret av øya.[2] Det sørlegaste punktet på Jamaica, Portland Point, ligg på ei halvøy i Clarendon. Her ligg også Portland Point Lighthouse.

Det blir dyrka mykje sukkerrøyr og noko tobakk i Clarendon. Selskapa JAMALCO og ALCOA driv bauksittutvinning.

Kjende folk frå Clarendon endre

Kjelder endre

  1. Parish Profile: Westmoreland, Jamaica Information Service 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 6. desember 2017.