Saint Catherine Parish
Saint Catherine Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg sør på øya. Det grensar til Clarendon Parish i vest, Saint Ann i nord, Saint Mary i nordaust og Saint Andrew i aust. I sør har det kyst mot Det karibiske havet.
Saint Catherine | |||
fylke | |||
Domkyrkja til St. Jago de la Vega i Spanish Town.
| |||
Land | Jamaica | ||
---|---|---|---|
Region | Middlesex | ||
Areal | 1 192 km² | ||
Folketal | 518 345 (2012[1]) | ||
Saint Catherine Parish 18°N 77°W / 18°N 77°W | |||
Kart som viser Saint Catherine Parish.
| |||
Wikimedia Commons: Saint Catherine Parish |
Spanish Town, som var hovudstad på Jamaica frå 1534 til 1872, er fylkeshovudstad. Andre større byar i fylket erPortmore og Old Harbour.[2]
Dei fleste innbyggjarane i fylket arbeider innan jordbruk. Dei viktigaste produkta er sukker, rom, kaffi, banan, ris, sitrus, kakao og tobakk. Det finst også mjølkegardar i fylket, og fiskeoppdrett er ei næring som nyleg har vokse fram.[2]
Det finst fabrikkar i fylket som handsamer jordbruksprodukta, som sitrus, ananas, soyabønner og sukkerrøyrprodukt. I tillegg har det aluminiums- og stålfabrikkar og ein tekstilfabrikk.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Population by Parish». Statistical Institute of Jamaica. Henta 16. september 2015.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 6. april 2018.