Clark Terry
Clark «Mumbles» Terry (fødd 14. desember 1920 i St. Louis i Missouri, død 21. februar 2015) var ein amerikansk jazztrompetist, flygelhornist, bandleiar og komponist.
Clark Terry | |||
| |||
Fødd | 14. desember 1920 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Saint Louis | ||
Død | 21. februar 2015 (94 år) | ||
Dødsstad | Pine Bluff | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | ukjend verdi–2015 | ||
Sjanger | jazz, swing-jazz, bebop, hard bop, crossover jazz | ||
Instrument | Flygelhorn, trompet, vokal | ||
Plateselskap | Impulse!, Prestige, Candid Records | ||
Verka som | komponist, trompetist, låtskrivar, orkesterleiar, musikkpedagog, jazzmusikar, songar, brass player | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Officier des Arts et des Lettres, Charles E. Lutton Man of Music Award, Paul Acket Award, ridder av Ordre des Arts et des Lettres, NEA Jazz Masters, BBC Jazz Awards |
Han var kjend for ein varm tone og evna til å spele ei lang rekke artikulasjonsnyansar berre med leppene, altså utan bruk av ventilar. Dette influerte Miles Davis og ei mengd andre trompetistar. Klangideane hans gjorde at han vende seg til flygelhornet, eit instrument han beherska på ein meisterleg måte og som i større grad blei akseptert i jazzmusikken på grunn av Terry.
Terry var verksam både som bandleiar og som solist. Han komponerte over 200 songar, underviste og skreiv fleire bøker. Han blei nominert for Grammy tre gonger og i 2010 fekk han Grammy i kategorien Lifetime Achievement Award. Han har fleire æresdoktorat og ein plass i Kansas City's Jazz Hall of Fame.
På 1970-talet spelte han med skandinaviske musikarar i det norske Bodega Band (1972), Arne Domnérus, Mads Vinding og Lennart Åberg. Han har spelt på Oslo Jazzfestival (Cosmopolite i 1999 og Kulturkirken Jakob i 2004).
Diskografi i utval
endre
|
|
Publikasjonar
endre- Let's talk trumpet. From legit to jazz. Phil Rizzo, Creative Jazz Composers, Bowie (Maryland) 1973, Musikpartitur: Studien und Etüden, ca. 100 S., (siehe Homepage von C. Terry)
- Clark Terry's System of Circular Breathing for Woodwind and Brass Instruments. Terry-Rizzo, Cleveland (Ohio) 1976, 8 S.
- The Interpretation of the jazz language. Phil Rizzo, Cleveland 1977, 209 S.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er ei omsetting av «Clark Terry» frå Wikipedia på tysk, den 7. desember 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- clarkterry.com
- pbs.org med lydklipp og biografi
- bilde frå Trondheim (1972).
- Intervju i Jazzwax (2010)