Claude-Gaspard Bachet de Méziriac

fransk poet og matematikar

Claude-Gaspard Bachet de Méziriac (9. oktober 158126. februar 1638) var ein fransk diktar og matematikar.

Claude-Gaspard Bachet de Méziriac

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 9. oktober 1581
Bourg-en-Bresse
Død

26. februar 1638 (56 år)
Bourg-en-Bresse

Yrke matematikar, lyrikar, omsetjar
Språk latin, fransk
Medlem av Académie française
Religion katolisisme
Claude-Gaspard Bachet de Méziriac på Commons

Han skreiv poesisamlingar på fransk og latin, og vart medlem av Det franske akademiet då det vart grunnlagd i 1634. I matematikken arbeidde han med talteori og stilte mellom anna opp hypotesen om at eit kvart heilt tal kan skrivast som ein sum av fire kvadrattal. Dette vart sidan bevist av Joseph Louis Lagrange. Studiane til Méziriac, og særleg omsetjinga hans av verka til Diofant frå gresk, inspirerte Pierre de Fermat i det talteoretiske arbeidet hans. Det mest kjende verket til Méziriac er ei samling matematiske underhaldningsproblem, Problèmes plaisans et délectables qui se font par les nombres, frå 1612, som sidan er komen ut i mange utgåver.

Kjelder endre