Claudin de Sermisy

fransk komponist

Claudin de Sermisy (kring 149015. oktober 1562) var ein fransk komponist, ein av dei mest kjende frå den franske renessansen. Stilen hans var sterkt påverka av samtidig italiensk musikk, og av den flamske skolen.

Claudin de Sermisy
Føddca. 1490
FødestadFrankrike
Død13. oktober 1562 (72 år)
DødsstadParis
OpphavFrankrike
Sjangerklassisk musikk, kyrkjemusikk
Verka somkomponist, katolsk prest, songar

Liv endre

Ein reknar med at Sermisy vart fødd i omkrinsen av Picardie eller Bourgogne, på grunn av samanfall i familienamn som finst i trakta. Elles veit ein lite om barndomen hans. Etter Pierre Ronsard skal han ha studert under Josquin des Prez. Dette er det stor usemje om, men Sermisy har teke til seg mange stildrag frå Josquin, sjølv om dei truleg aldri møttest. Dei kan ha vore i lag i tida kring 1501, då Josquin hadde ei stilling i Frankrike. I røynda veit ein ikkje stort om kvar Claudin var før 1508, då han vart tilsett ved det kongelege kapellet til kong Ludvig XII av Frankrike.

I 1515 følgde han med kong Frans I på hærferda hans til Italia, og utveksla utan tvil impulsar der. I åra som følgde skreiv han mellom anna musikk til møtet mellom Frans og Henrik VII av England. Med få unnatak heldt han seg i Paris eller området ikring resten av livet.

Verk endre

Claudin skreiv ein mengd med geistlege verk, og av desse er det 12 messer att etter han, hundre motettar og mindre religiøse verk. Han skal ha halde seg til den katolske trua heile livet, motsett Clément Janequin eller Claude Goudimel, som båe nærma seg protestantismen. Det syner seg at Claudin gjerne skreiv svært einfelt, medan mange av dei han levde samstundes med, slike som Nicolas Gombert, gjerne utvida polyfone stildrag. Sermisy er kjend for klåre og attkjennelege melodiliner. Han skreiv alt i alt meir akkordisk enn dei andre. Han er og ein av dei få i Frankrike som har skrive pasjonsmusikk, over evangeliet etter Matteus.

Dei mest nytta songane hans i dag er nok dei verdslege chansonane. Det er i alt 175 av desse som er tekne vare på. Han skreiv programmatisk på same vis som Janequin, men mykje meir einfelt. Han var glad i rytmiske figurar, noko som peikar mot dansemusikken i tida. Han foregreip og dei rytmiske draga ved den italienske canzonaen seinare i hundreåret. Han skreiv og i italienst madrigalstil, påverka av frottolaen, og sidan påverka songane hans utviklinga i Italia i generasjonen etter.

På grunn av prentekunsta vart songane hans spreidde over heile Europa. Songane hans vart sette ut for fleire ulike instrumentgrupper, og nokre av melodiane hans fann vegen inn i protestantiske salmebøker. Den kjende salmen «Was mein Gott will», seinare nytta av Johann Sebastian Bach (NS 861: «Pris være ham»), har melodien frå ein chanson av Claudin.

Kjelder endre