Claudio Caniggia
Claudio Paul Caniggia (fødd 9. januar 1967 i Henderson) er ein argentinsk pensjonert fotballspelar frå storbyen Buenos Aires. Han spelte 50 landskampar for Argentina, og deltok i tre VM-sluttspel (1990, 1994 og 2002). Han innleia proffkarrieren sin som 18-åring i River Plate, før han tre sesongar seinare flytte til Italia og Verona. Frå Verona gjekk turen vidare til Atalanta, AS Roma, Benfica og Boca Juniors før han vende attende til Atalanta. Nomaden fortsatte i dei skotske klubbane Dundee FC og Rangers FC. Karrieren vart avslutta i Qatar SC i en alder av 38 år. Caniggia var ein offensiv playmaker. Han hadde god teknikk, og var enormt hurtig og hadde ei eiga evne til å spele medspelarane sine gode. I 1993 vart han utestengd i 13 månader for bruk av kokain.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Claudio Paul Caniggia | ||
Fødd | 9. januar 1967 (57 år) | ||
Fødestad | Henderson i Argentina | ||
Høgd | 175 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1985–1988 1988–1989 1989–1992 1992–1994 1994–1995 1995–1998 1999–2000 2000-2001 2001–2003 2003–2005 |
River Plate Verona Atalanta Roma Benfica Boca Juniors Atalanta Dundee Rangers Qatar |
53 (8) 21 (3) 85 (26) 15 (4) 23 (8) 74 (32) 17 (1) 21 (7) 50 (12) 15 (5) | |
Totalt | 374 (106) | ||
Landslag | |||
1987–2002 | Argentina | 50 (16) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. mai 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 29. mai 2011 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Claudio Caniggia frå Wikipedia på bokmål, den 20. april 2020.
- National-football-teams