Opna hovudmenyen

Clavinet er eit elektromekanisk musikkinstrument som vart produsert av selskapet Hohner i ulike modellar mellom 1964 og 1982. Instrumentet er ein slags elektrisk forsterka klavikord. Clavinetten har tangentar med gummikledde metalltunger på undersida, som slår på dei respektive strengane sine (vanlege elgitarstrengar), der lydane vert fanga opp av to lange mikrofonar (s.k. «Single-Coil»-mikrofonar), for sidan å bli forsterka via ein ekstern instrumentforsterkar.

Clavinet
Clavinet d6.jpg
Clavinet D6, den mest populære modellen, som vart lansert i 1971
Tangentinstrument
Andre namnClav, clavi
Klassifiseringtangentinstrument, electro-acoustic chordophone
Liknande instrument
Cembalet, pianet, duo, klavikord
ByggararHohner
Speleregister
F1–E6

Clavinetten er mest brukt innan funk og reggae, men vert òg nytta i alle typar popmusikk.

ModellarEndra

Clavineten kom på 1960-talet ut i ei mengd ulike modellar. Dei fleste hadde 60 tangentar med 60 tilhøyrande strenger, noko som gav han eit omfang på fem oktavar.

  • Clavinet I
  • Clavinet II
  • Clavinet L
  • Clavinet C
  • Clavinet D6
  • Clavinet E7
  • Clavinet/Pianet duo

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra