Opna hovudmenyen
Herresetet til Lady Astor, der Cliveden-krinsen gjerne kom saman.

Cliveden-krinsen (The Cliveden Set) var ein flokk mektige, konservative og tyskvenlege politikarar og aviseigarar i England i 1930-åra. Krinsen fekk namn etter herresetet Cliveden ved Thameselva, der gruppa ofte kom saman med Lady Nancy Astor som vertinne for å drøfte utanrikspolitiske spørsmål.

Forutan familien Astor, som åtte avisa The Observer og kontrollerte The Times, var mellom andre Lord Halifax og den britiske ambassadøren i Berlin, Sir Neville Henderson, medlemar av Cliveden-krinsen. Krinsen hadde òg samband med Sir Samuel Hoare og statsminister Neville Chamberlain i den britiske regjeringa. Cliveden-krinsen arbeidde for samarbeid med Tyskland som eit bolverk mot Sovjetsamveldet og kommunismen, og støtta general Franco i Den spanske borgarkrigen.

KjelderEndra