Neville Chamberlain

britisk politikar

Arthur Neville Chamberlain (18. mars 18699. november 1940) var ein britisk politikar for Det konservative partiet og statsminister i Storbritannia frå 1937 til 1940.

Neville Chamberlain
Right Honourable Neville Chamberlain. Wellcome M0003096.jpg
Fødd18. mars 1869
Birmingham
Død9. november 1940 (71 år)
Statsborgar avStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiDet konservative partiet i Storbritannia
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Utdanna vedMason Science College
University of Birmingham
Rugby School
University of London
MorFlorence Kenrick
FarJoseph Chamberlain
EktefelleAnne Chamberlain
BarnDorothy Chamberlain, Francis Chamberlain
MedlemRoyal Society

Chamberlain var son av Joseph Chamberlain og bror av Austen Chamberlain, begge politikarar. Etter ei tid som forretningsmann gjekk han inn i lokalpolitikken i Birmingham, og følgde faren og broren som parlamentsmedlem i 1918, då han var 49 år gammal. Chamberlain tente som helseminister og finansminister før han etterfølgde Stanley Baldwin som statsminister i 1937. Tida hans som regjeringsleiar var prega av korleis ein skulle behandla eit aggressivt og ekspansivt Tyskland. For ettertida er han vorten kjend for ein ettergjevande politikk i høve til Adolf Hitler som han håpte kunne avverja ein ny storkrig. Storbritannia erklærte likevel krig mot Tyskland etter at landet invaderte Polen i 1939. Då dei allierte landa ikkje klarte å hindra Tyskland i å invadera Noreg i 1940 mista Chamberlain mykje støtte i parlamentet, og gjekk av til fordel for Winston Churchill. Han fortsette å sitja i regjering, men døydde av kreft seks månader etter avgangen.

Barndom og tidleg karriereEndra

Neville Chamberlain var fødd i huset Southbourne i Edgbaston i Birmingham.[1] Han var son av Joseph Chamberlain, som seinare vart borgarmeister i Birmingham og ein britisk minister, og den andre kona hans. Florence Kenrick, eit syskenbarn av parlamentsmedlemmen William Kenrick. Han hadde to eldre halvsysken, Austen og Beatrice, frå det fyrste ekteskapet til faren,[2] og tre yngre systrer, Ida, Hilda og Ethel. Mora døydde i barsel då Neville var seks år gammal, og Beatrice stod for mykje av oppsedinga deira. Neville voks opp med eit kjølig tilhøve til faren, men vart desto meir knytt til søskena, særleg systrene Ida og Hilda.

Chamberlain var elev ved den prestisjefulle Rugby School,[3] ein av dei mest kjende privatskulane i Storbritannia. Her utvikla han ei livslang interesse for botanikk og ornitologi.

Etter skulen byrja Chamberlain på to Mason College, no Universitetet i Birmingham.[4] Dette gjer han til ein av to britiske statsministrar som ikkje har gått på University of Cambridge eller University of Oxford. Ved universitetet studerte han naturvitskaplege fag, spesielt metallurgi. I 1889 sette faren hans Neville i lære hjå eit rekneskapsføretak.[5] Etter seks månader der vart han tilsett med løn.[6] I eit forsøk på å vinna tilbake tapt familierikdom sende så Joseph Chamberlain sonen sin for å skipa ein sisalplantasje på øya Andros i Bahamas.[7] Neville Chamberlain var der i seks år, men prosjektet feila, og Joseph Chamberlain tapte 50 000 pund.[8]

Tilbake i England kjøpte Neville Chamberlain, med hjelp frå familien, metallskipskøyemakaren Hoskins & Company.[9] Her var han administrerande direktør i 17 år, og føretaket bløma.[10]

 
Den australske statsministeren Billy Hughes og Neville Chamberlain med familiane sine i 1916.

Då Chamberlain var fylt førti utan å ha gifta seg hadde han venta å aldri gjera det, men i 1910 forelska han seg i Anne Cole, og blei gift med henne året etter.[11] Ho oppmuntra han og støtta han då han ville gå inn i lokalpolitikk, og var ein konstant følgjesven, hjelpar og trudd kollega som delte interessa hans for husvere og andre politiske og sosiale saker han brann for. Paret fekk ein son og ei dotter.[11]

Tidleg politisk karriereEndra

Chamberlain hadde lenge ikkje vist noka interesse for politikk, sjølv om både faren og halvbroren sat i parlamentet. Under valkampen i 1900 heldt han talar for Joseph Chamberlain sitt parti, Liberal Unionist Party. Dette partiet var allierte med det konservative, og gjekk seinare saman med det[12] til Unionist Party og seinare Conservative and Unionist Party. I 1911 gjekk Chamberlain inn i politikken, og vart vald inn i bystyret i Birmingham for Liberal Unionist Party. Han vart vald til formann for byplankomiteen,[13] og fekk Birmingham til å vedta ein av dei fyrste byplanane i Storbritannia. Utbrotet av den fyrste verdskrigen i 1914 hindra innføringa av planane.[14]

I 1915 vart han borgarmeister i byen, akkurat som far sin og fem onklar. Som borgarmeister i krigstid hadde Chamberlain ein stor arbeidsmengd, og han insisterte på at andre byrådar og embetsfolk måtte arbeida like hardt.[15] Han halverte beløpet ein borgarmeister kunne krevja i utgifter, og skar ned på talet tilstellingar knytte til stillinga.[16] I 1915 vart Chamberlain utnemnd til medlem av Central Control Board on liquor traffic.[17] Som borgarmeister fekk han òg mellom anna grunnlagt ein kommunal bank og eit symfoniorkester i byen. Dette gjorde han populær, og han vart attvald ved det neste valet i 1916.

Chamberlain vart likevel ikkje sitjande lenge i den andre perioden sin. I desember 1916 fekk han stillinga som Director of National Service av den nye statsministeren David Lloyd George. Her fekk Chamberlain det overordna ansvaret for å koordinera utskrivinga av vernepliktige, slik at krigsnødvendig industri ikkje skulle verta tappa for kompetent arbeidskraft.[18] Alt i august 1917 trekte Chamberlain seg frå denne posten på grunn av manglande resultat og samarbeidsproblem med Lloyd George.[19] Dette førte til at Chamberlain og Lloyd George utvikla ein gjensidig motvilje for kvarandre, noko som skulle vara livet ut.[20]

 
Helseminister Chamberlain vitjar slummen i Newcastle i 1925.

Ved valet i 1918 bestemte Chamberlain seg for å stilla som kandidat til underhuset i det britiske parlamentet.[21] Samstundes fekk han eit tilbod om ein stilling i helsedepartementet, men på grunn av konflikten med Lloyd George avslo Chamberlain dette, og tok heller opp plassen han vann i parlamentet.[22]

Etter at Lloyd George gjekk av i 1922 vart Chamberlain utnemnd til Postmaster General av den nye statsministeren, Andrew Bonar Law.[23] I 1923 fekk Chamberlain sete i regjeringa som helseminister.[24] Som helseminister var han mest oppteken av å betra butilhøva i slummane i dei store byane, og han introduserte fleire lovar som betra rettane til fattige leigetakarar.

Etter at Stanley Baldwin vart ny statsminister, fekk Chamberlain den viktige posten som finansminister.[25] Denne regjeringa varte berre åtte månader, i januar 1924 måtte ho gå av, og Chamberlain gjekk derfor attende til parlamentet.

Ved valet i 1924 vart Chamberlain attvald med knapp margin; han fekk berre 77 fleire røyster enn motkandidaten, Labour-kandidaten og den seinare fascistleiaren Oswald Mosley.[26] Chamberlain avslo eit tilbod om å vera finansminister etterom han føretrekte den tidlegare rola si som helseminister.[27] I løpet av denne perioden markerte han seg med heile 25 lovforslag, mange av dei var av den radikale sorten. Fram til han forlet stillinga i 1929 var 21 av forslaga vorte vedtekne lovar.[28] Chamberlain var mellom anna sentral i oppbygginga av den britiske velferdsstaten. Han avskaffa dei valde fattigstyra (Poor Law Boards of Guardians) som administerte fattighjelp og nokre stader var ansvarlege for å krevja inn visse skattar. Med Local Government Act 1929 fekk Chamberlain desse totalt avskaffa. Ved den andre presenteringa av denne loven i underhuset talte han i to og ein halv time, og vart applaudert av alle partia.[29]Unemployment Act 1934, som skipa eit velferdsbyrå for arbeidslause, var i stor grad Chamberlain sitt verk.[30]

Ved generalstreiken i 1926 hadde Chamberlain hatt ei forsonande tilnærming til arbeidarane, men elles hadde han helst eit dårleg tilhøve til Labour-partiet. Dette kom til å spela ei avgjerande rolle i enden på statsministerkarrieren hans.[31]

Etter å ha bytta valkrets før valet i 1929, vart Chamberlain lett attvald til parlamentet. Året etter vart han også leiar i det konservative partiet, men etter berre eit år med Chamberlain ved roret tok, noko overraskande, Stanley Baldwin leiarskapen attende. Baldwin og Chamberlain samarbeida godt, men likevel sleit den britiske høgresida tungt desse åra. Mellom anna vart det danna eit nytt høgreorientert parti under leiing av Lord Beaverbrook.

Etter at labourregjeringa trekte seg i 1931 og ei ny samlingsregjering vart danna av sosialisten Ramsay MacDonald, fekk Chamberlain attende posten som helseminister.[32] Etter valet same året gjekk han over til stillinga som finansminister.[33] I 1932 heldt samlingsregjeringa på å gå i oppløysning på grunn av Chamberlain sitt framlegg om auka tollmurar, men framlegget gjekk likevel igjennom og regjeringa vart sitjande.

I åra fram mot 1937 var Chamberlain kontroversiell, og både Labour og folk i hans eige parti gjekk til åtak på han. Medan labourpolitikarar som Arthur Greenwood kritiserte han for å bruka for mange pengar på gjenopprusting,[34] kritiserte Winston Churchill han for å vera påhalden med forsvarsbudsjettet.

Chamberlain vert statsministerEndra

 
Portrett av Chamberlain måla av Samuel Johnson Woolf i 1938.

Etter at Georg VI vart ny konge og Baldwin gjekk av tidleg i 1937, vart Chamberlain beden om å overta leiinga av regjeringa. Den 28. mai byrja han i stillinga som statsminister, og eit par dagar etterpå vart han på nytt leiar av det konservative partiet.

InnanrikspolitikkEndra

Som statsminister førte Chamberlain ein aktiv sosialpolitikk. I 1937 la han fram Factory Act, som gav arbeidarar utvida rettar og sette nye grenser for maksimal arbeidstid for kvinner og barn.[35] Med Housing Act i 1938 ønska Chamberlain å rydda opp i overfolka slumstrøk og å laga reglar for maksimal husleige i rimelege bustadar.[35] I 1938 kom òg Holidays with Pay Act, som gav elleve millionar arbeidarar rett til ferie med løn.[35]

Som statsminister kravde Chamberlain at alle departement skulle leggja fram langsiktige politiske toårsplanar, og han deltok også sjølv aktivt i utforminga av desse.

IrlandEndra

Då Chamberlain kom til makta hadde tilhøvet mellom Storbritannia og Den irske fristaten vore kjølig i mange år. Under leiing av president Eamon de Valera ønskte irane å bryta banda til Storbritannia, og den 29. desember 1937 vart ei ny irsk forfatning innført. Fristaten vart då til Republikken Irland

Samstundes kravde irane at også dei nordlegaste områda av øya Irland, Nord-Irland, skulle overførast til den nye republikken. Chamberlain var ikkje avvisande til dette. Sjølv om han tidlegare hadde hatt ei hardare linje, meinte han no at det vanskelege tilhøvet også påverka tilhøvet til andre delar av imperiet.[36] I november 1937 vart det innleia tingingar. Motstand frå mange nordirar gjorde at dette ikkje kunne gjennomførast, og resultatet av tingingane vart til slutt ei handelsavtale.[36]

UtanrikspolitikkEndra

Chamberlain si regjeringstid gjekk føre seg medan Tyskland under Adolf Hitler kravde større territorium for Det tredje riket. Chamberlain heldt seg lenge passiv og såg på ekspansjonen, etter å ha komme fram til at det var lite Storbritannia kunne gjera for å stogga nasjonalsosialistane. Han prøvde å blidgjera Nazi-Tyskland og gjera staten til ein partner i eit stabilt Europa.[37] Han meinte tyskarane kunne tilfredsstillast ved å få tilbake nokre av koloniane sine, og under Rhinland-krisa i mars 1936 hevda han at britane burde vurdera spørsmålet om tilbakeføring av koloniane.[38]

Chamberlain opna også direkte samtalar med Italia, som var blitt ein internasjonal paria etter invasjonen av Etiopia i 1935.[39] Gjennom den italienske ambassadøren grev Dino Grandi sette Chamberlain opp ei private kommunikasjonsline til Benito Mussolini.[40]

AusterrikeEndra

I februar 1938 byrja Hitler å pressa Austerrike til å gå med på Anschluss, ein union mellom Tyskland og Austerrike. Chamberlain meinte det var viktig å styrka tilhøvet til Italia i håp om at ein anglo–italiensk allianse ville stoppa Hitler frå å tvinga styret sitt på Austerrike. Utanriksministeren Anthony Eden meinte at Chamberlain var for snar i å samtala med Italia og gje landet håp om ei de jure anerkjenning av det italienske herredømet over Etiopia. Chamberlain kom til at Eden måtte gå med på politikken hans eller gå av som minister.[41] Regjeringa høyrde på begge to, men gjekk inn for løysinga til Chamberlain. Eden trekte seg frå regjeringa,[42] og Chamberlain utnemnde Lord Halifax til ny utanriksminister.[43] 16. april 1938 skreiv Storbritannia og Italia under på ein avtale der britane anerkjende den italienske stoda i Etiopia, medan Italia gjekk med på å trekka tilbake italienske «frivillige» som hadde støtta nasjonalistane til Franco i den spanske borgarkrigen. På denne tida hadde nasjonalistane overtaket, og dei sigra fullstendig året etter.[44]

I mars 1938 vart Austerrike del av Tyskland gjennom Anschluss. Austerrikarane bad om hjelp frå Storbritannia, utan suksess.[45] Storbritannia sendte ein sterk protest til Berlin.[46] Då han talte til regjeringa kort tid etter at dei tyske styrkane gjekk inn i Austerrike, fordelte Chamberlain skuld på begge landa.[45] 14. mars, dagen etter Anschluss, talte Chamberlain i underhuset og fordømde sterkt måten Tyskland hadde gått fram på.[46]

TsjekkoslovakiaEndra

Neste krise kom då Tsjekkoslovakia vart sett under press av Hitler seinare same året. Tyskland kravde at Sudetenland, eit område i Tsjekkoslovakia, der ein majoritet av folkesetnaden var etniske tyskarar, skulle verta ein del av Tyskland.[47][48] Frankrike og Tsjekkoslovakia hadde ein gjensidig støtteavtale. I april 1938 vitja den nye franske statsmnisteren Édouard Daladier London der han vart samd med britane om å be tsjekkoslovakarane om å koma til ei forståing med Tyskland.[49]

I mai skaut tsjekkoslovakiske grensevakter to sudetentyske bønder som prøvde å passera grensa frå Tyskland utan å stoppa for kontroll. Dette førte til uro blant sudetentyskarar, og det gjekk rykte om at Tyskland flytta styrkar til grensa. Som svar flytta også Tsjekkoslovakia sine troppar til grensa. Lord Halifax sendte ei melding til Tyskland om at dersom Frankrike intervenerte i krisa til fordel for Tsjekkoslovakia, kunne Storbritannia koma til å støtta Frankrike. Spenningane verka å gå tilbake, og Chamberlain og Halifax vart lovprisa for den «meisterlege» handteringa av krisa.[45] Regjeringa Chamberlain fekk sterk, nesten udelt støtte i den britiske pressa.[50] I ettertid viste det seg at Tyskland aldri hadde hatt planar om å invadera Tsjekkoslovakia i mai.[45]

12. september heldt Hitler ein tale i Nürnberg der han hevda at tyskarar i Sudetenland levde under forferdelege tilhøve, og at Tyskland ikkje kunne la dette halda fram. Dagen etter vart Chamberlain og regjeringa informerte av Secret Service om at alle tyske ambassadar var vortne fortalde at Tyskland kom til å invadera Tsjekkoslovaki den 25. september.[51] Chamberlain var overtydd om at Frankrike ikkje ville kjempa for Tsjekkoslovakia, og sendte ei melding til Hitler om at han var villig til å koma til Tyskland for å forhandla. Hitler gjekk med på dette, og Chamberlain flaug dit 15. september; dette var fyrste gongen Chamberlain haddde vore på ein lengre flytur.[52]

Møtet mellom Hitler og Chamberlain varte i rundt tre timar. Hitler kravde å annektera Sudetenland. Chamberlain fekk han til å gå med på at han ikkje hadde nokre som helst planar om å ta over resten av Tsjekkoslovakia eller andre delar av Aust-Europa der det budde tyskarar. Etter møtet vende Chamberlain tilbake til London, trygg på at han hadde skapt eit pusterom der ein kunne forhandla fram ein avtale og halda på freden.[53] Forslaga ein hadde kome fram til var at Sudetenland skulle annekterast av Tyskland om ei folkerøysting der gjekk inn for det. Tsjekkoslovakia skulle få internasjonale garantiar om fortsett sjølvstende i staden for støtteavtalen med Frankrike.[54] Franskmennene gjekk med på forslaget. Under sterkt press gjekk også tsjekkoslovakaren med på det, med det følgjet at den tsjekkoslovakiske regjeringa fall.[55]

Chamberlain flaug tilbake til Tyskland, der han møtte Hitler i Bad Godesberg den 22. september.[56] Hitler hevda no at han ikkje var nøgd med avtalen frå det tidlegare møtet.[56] Han ville ha kontroll over Sudetenland strtaks, og at dei polske og ungarske krava på Tsjekkoslovakia skulle takast opp. Chamberlain mælte kraftig imot dette, og sa til Hitler at han hadde arbeidd hardt for å få Frankrike og Tsjekkoslovakia til å gå med på dei tyske krava allereie. Hitler let seg ikkje rokka.[56]

Dei to møtte kvarandre att seint om kvelden 23. september, og møtet varte til dei tidlege morgontimane. Hitler kravde at tsjekkarar som forlet områda som skulle okkuperast ikkje skulle få ta noko med seg. Han forlenga tidsfristen for okkupasjonen av Sudetenland til 1. oktober — ein dato han lenge hadde sett i løynd for invasjonen av Tsjekkoslovakia. Møtet ende i vennskap, og Chamberlain sa til Hitler at han håpa dei kunne løysa andre problem i Europa på liknande vis. Hitler gav hint om at Sudetenland oppfylde dei territorielle krava hans i Europa. Chamberlain flaug tilbake til London, og sa «Det er opp til tsjekkarane no.»[a][57]

 
Frå venstre Chamberlain, Daladier, Hitler, Mussolini og den italienske utanriksministeren Galeazzo Ciano som gjer seg klare til å skriva under på Münchenavtalen.

I september 1938 drog Chamberlain og den franske statsministeren Daladier til München for å forhandla med Tyskland og Italia om sin førar Benito Mussolini ein avtale med Hitler. Dei hadde fyrst eit uformelt møte der Hitler sa at han planla å invadera Tsjekkoslovakia 1. oktober. Mussolini la fram eit forslag som var vorte send han av tyskarane og sendt til Roma dagen før. Dei fire leiarane diskuterte forslaget, og Chamberlain nemnde spørsmålet om kompensasjon for dei tjsekkoslovakiske styresmaktene og innbyggjarane, noko Hitler nekta å vurdera.[58]

I september 1938 gjorde Chamberlain saman med Frankrike sin statsminister Edouard Daladier og Italia sin førar Benito Mussolini ein avtale med Hitler. Med den såkalla Münchenavtalen, ein avtale tsjekkoslovakarane sjølve ikkje fekk ta del i utforminga av, gjekk den franske og britiske regjeringa med på at Sudetenland skulle overførast til Tyskland. Chamberlain og Daladier informerte tsjekkoslovakarane om avtalen, og rådde dei til å gå med på han raskt ettersom evakueringa av tsjekkarar frå Sudetenland skulle byrja dagen etter. Dei tsjekkoslovakiske styresmaktene var imot avgjerda, men gjekk til slutt motvillig med på avtalen.[59]

Med denne avtalen vona Chamberlain å unngå ein ny krig med Tyskland. Med dette gjorde han og den konservative regjeringa hans òg at dei avtalane Frankrike og Sovjetunionen hadde om saman å forsvare Tsjekkoslovakia vart oversedde. Dette vart i Moskva oppfatta som klart retta mot Sovjetunionen, og det vart slutt på freistnadene dei lenge hadde gjort på å få i stand ein anti-tysk allianse med vestmaktene. I staden førte det til at den tysk-sovjetiske ikkje-åtakspakta vart inngått året etter.

Før han forlet München, bad Chamberlain om eit privat møte med Hitler. Denne gjekk med på det, og dei møttest i leilegheita Hitler hadde i byen. Chamberlain tilrådde måtehald i gennomføringa av avtalen, og bad om at tyskarane ikkje måtta bomba Praha om tsjekkarane stridde imot, noko Hitler gav uttrykk for at han var einig i. Chamberlain tok ut eit papir frå jakka si med overskrifta «Anglo–German Agreement» som hadde tre avsnitt, mellom dei ei uttaling om at dei to landa rekna Münchenavtalen som «symbolsk for ønsket om at våre to folk aldri skal gå til krig igjen».[b] Ifølgje Chamberlain utbraut Hitler «Ja! Ja!».[60] Dei to men skreiv under på avtalen der og då. Seinare klandra den tyske utanriksministeren Joachim von Ribbentrop Hitler for å ha skrive under, men føraren svara, «Å, ikkje ta det så seriøst. Det papirstykket har inga vidare tyding i det heile.»[61] Chamberlain, på si side, klappa brystlomma si då han vende tilbake til hotellet sitt og sa «Eg har det!»Mal:Merk[62] Nyheiter om møta blei kjende før Chamberlain vende tilbake til Storbritannia, og skapte glede hjå mange i London, men skuffing for Churchill og hans gruppering.[63]

 
Neville Chamberlain held opp papiret underskrive av han og Hitler i Heston Aerodrome.
Neville Chamberlain talar til folkemengda etter å ha kome tilbake til Heston Aerodrome 30. september 1938.

Chamberlain vende tilbake til London i triumf. Det var store folkemengder på flyplassen, der han vart møtt Lord Chamberlainen jarlen av Clarendon, som gav han eit brev frå kong Georg VI som sa at imperiet var takksam til han og bad han koma til Buckingham Palace med ein gong for å rapportera.[64] Gatene var så fulle av jublande folk at det tok Chamberlain ein og hein halv time å dra ni miles (14 km) frå Heston Aerodrome til Buckingham Palace. Etter å ha rapportert til kongen viste Chamberlain, kona hans og kongeparet seg på palassbalkongen. Deretter drog han til Downing Street; igjen var gatene og inngangshallen i Nummer 10 fulle av folk.[65] Chamberlain gjekk opp og talte til folkemengda frå vindauget. Han siterte føregangaren Benjamin Disraeli, då denne vende attende frå Berlinkongressen:[c]

« My good friends, this is the second time there has come back from Germany to Downing Street peace with honour. I believe it is peace for our time. We thank you from the bottom of our hearts. Now I recommend you go home, and sleep quietly in your beds.[65] »

Underhuset diskuterte Münchenavtalen 3. oktober. Duff Cooper, som hadde gått av som First Lord of the Admiralty som følgje av avtalen, talte imot han.[66] Det same gjorde Winston Churchill. Ingen konservative stemde imot. Berre mellom 20 og 30 let vera å røysta, mellom dei Churchill, Eden, Cooper og Harold Macmillan.[67]

Etter at Hitler i 1939 gjekk attende på avtalen om at han no var nøgd med dei nye grensene og hadde overteke også Böhmen og Mähren, endra Chamberlain politikken sin overfor Tyskland. No gav Chamberlain konkrete garantiar til Polen, og lova å forsvara landet i tilfelle eit tysk åtak.

PalestinaEndra

Regjeringa Chamberlain opna også for auka innvandring av jødar til Palestina i 1939. Regjeringa gjekk inn for å tillata ei kvote på 75 000 jødiske innvandrarar i året. Dette framlegget vekte stor forarging i mange miljø, og sjølv om framlegget vart vedteke, gjekk ein bort frå desse planane då det vart regjeringsskifte året etter.

Den andre verdskrigenEndra

Neville Chamberlain kunngjer utbrotet av krig mot Tyskland 3. september 1939.

Den 1. september 1939 invaderte Tyskland Polen. Chamberlain var framleis noko uvillig til å gå til krig mot Tyskland, og ville ha ein klar avtale med Frankrike først. Han gav i utgangspunktet Tyskland eit ultimatum; om Tyskland stansa invasjonen og drog attende styrkane sine innan to dagar, kunne Storbritannia ta på seg oppgåva som fredsmeklar mellom Tyskland og Polen. Denne strategien førte til massiv kritikk mot Chamberlain frå hans eige parlament, og etter å ha konsultert Frankrike erklærte Storbritannia krig mot Tyskland den 3. september.

Klokka 11:15 den 3. september 1939 talte Chamberlain til nasjonen på radio og kunngjorde at Storbritannia no var i krig med Tyskland:

« I am speaking to you from the cabinet room at 10 Downing Street. This morning the British ambassador in Berlin handed the German government a final note stating that unless we heard from them by 11 o'clock that they were prepared at once to withdraw their troops from Poland, a state of war would exist between us. I have to tell you now that no such undertaking has been received, and that consequently this country is at war with Germany.[68] ... We have a clear conscience, we have done all that any country could do to establish peace, but a situation in which no word given by Germany's ruler could be trusted, and no people or country could feel itself safe had become intolerable ... Now may God bless you all and may He defend the right. For it is the evil things that we shall be fighting against, brute force, bad faith, injustice, oppression, and persecution. And against them I am certain that the right will prevail.[69] »

Senare same dag talte han til underhuset og sa mellom anna:

« Everything that I have worked for, everything that I have hoped for, everything that I have believed in during my public life has crashed into ruins. There is only one thing left for me to do: that is devote what strength and power I have to forwarding the victory of the cause for which we have sacrificed so much.[70] »

Chamberlain freista no å utvida regjeringa på grunn av krigen, men både Labour og det liberale partiet avslo å delta.[70] Det vart istaden gjort ei omrokkering i den sitjande regjeringa, mellom anna vart Winston Churchill teken med. Churchill vart gjort til marineminister (First Lord of the Admiralty), og vart medlem i eit seks mann stort krigskabinett. Chamberlain gav også Eden ei regjeringsstilling (Dominions Secretary) men ikkje medlemskap i det vesle krigskabinettet. Churchill viste seg å vera ein vanskeleg samarbeidspartnar som sendte statsministeren ei rekkje lange notat. Chamberlain kritiserte Churchill for å senda så mange notat ettersom dei to møttest i krigskabinettet kvar dag.[71] Chamberlain mistenkte at Churchill sende notata for å seinare kunna sitera dei i ei bok han ville skriva, noko som seinare viste seg å vera korrekt.[72] Chamberlain stoppa også nokre av dei meir ekstreme planane til Churchill, som Operation Catherine, som ville ha sendt tre tungt væpna krigsskip til Austersjøen med eit hangarskip og andre støttefartøy for å blokkera Tyskland sin tilgang til jern.[73]

Dei første månadane var det ingen aktivitet på vestfronten. Krigen vart kalla «Bore War», seinare omdøypt til «Phoney War» av journalistar.[74] Chamberlain trudde, som dei fleste allierte leiarane og generalane, at krigen kunne vinnast ganske raskt ved å leggja økonomisk press på Tyskland medan ein rusta opp.[75] Statsministeren var lite lysten på å gå for langt i å leggja om den britiske økonomien. Regjeringa la fram eit krigsbudsjett som Chamberlain omtalte med «det einaste som er viktig er å vinna krigen, sjølv om vi kan gå fallitt undervegs.»[d][76] Dei offentlege utgiftene steig berre litt over inflasjonsraten mellom september 1939 og mars 1940.[76] Chamberlain hadde framleis høg oppslutning i meiningsmålingar, med så mykje som 68 %,[77] og nesten 60 % i april 1940.[78]

Finland vart invadert av Sovjetunionen den 30. november, men krigen med Tyskland hindra Chamberlain i å gripa inn på finnane si side.

Denne operasjonen hadde ingen framgang, og dei britiske styrkane vart snart dregne ut. Dette førte til eit sterkt press på Chamberlain, som i ein freistnad på å blidgjera motstandarane sine gjekk inn for å gjera nye omrokkeringar i regjeringa.

AvgangEndra

 
Framsida til vekebladet The Times frå 15. mai 1940 med overskrifta «The Old prime minister and the new».

Tidleg i 1940 gjekk dei allierte inn for ein marinekampanje for å ta nordlege delar av då nøytrale Noreg, inkludert den viktige hamnebyen Narvik, og om mogleg også ta kontroll over jerngruvene i Gällivare nord i Sverige, som Tyskland fekk mykje av jernet sitt frå.[79] Sidan Austersjøen fraus om vinter, vart jernmalmen frakta sørover med skip frå Narvik. Dei allierte planla å byrja å mineleggja norske farvatn, få ein reaksjon frå tyskarane i Noreg, og så okkupera mykje av landet. Noko dei allierte ikkje hadde forutsett var at Tyskland også hadde planlagt å okkupera Noreg. 9. april 1940 gjekk tyske styrkar inn i Danmark og byrja invasjonen av Noreg. Landet vart raskt teke av tyske styrkar.[80] Storbritannia sende militære styrkar til Noreg for å delta i forsvaret av landet, utan suksess, og 26. april gav krigskabinettet ordre om tilbaketrekking.[80]

Debatten i parlament som følgde vart kjend som «Norway debate».[81] Han byrja 7. mai og varte i to dagar. Dei fyrste talane var ganske normale, men storadmiral Roger Keyes, som representerte Portsmouth North, stilte i full uniform og kom med eit sterkt åtak på handlingane i Noreg, men uteleg Churchill frå kritikken. Leo Amery heldt så ein tale som han avslutta med Oliver Cromwell sine ord då han oppløyste det lange parlamentet: «You have sat here too long for any good you are doing. Depart, I say, and let us have done with you. In the name of God, go!»[82] Labour kunngjorde at dei ville be om ei avstemming om regjeringa i underhuset[83] Lloyd George stilte seg saman med åtakarane, medan Churchill ende debatten med ein sterk støttetale for regjeringa.[84] Då avstemminga fann stad vann regjeringa, som vanlegvis hadde eit fleirtal på over 200, berre vunne med 81 stemmer. 38 parlamentsmedlem som vanlegvis stemte med regjeringa stmete imot, og mellom 20 og 25 let vera å stemma.[85]

Mykje av 9. mai var Chamberlain i møte med regjeringskollegaene sine. Mange konservative parlamentsmedlem, også dei som hadde stemt mot regjeringa, gav no uttrykk for at dei ikkje ønskte at Chamberlain skulle gå av, men heller ville at han skulle endra regjeringa.[86] Chamberlain bestemte seg for at han kom til å gå av om ikkje Labour var villige til å gå inn i regjeringa, og møtte Labour-leiaren Clement Attlee seinare den dagen. Attlee var lite lysten på å gå med, men vart einig om at han skulle spørja partileiing som då hadde møte i Bournemouth. Chamberlain meinte Halifax burde verta den neste statsministeren, men Halifax var ikkje ivrig ettersom han meinte setet hans i overhuset ville gjera han mindre effektiv i underhuset. Churchill vart så det nye valet.

Då Tyskland dagen etter invaderte Frankrike, Belgia og Nederland, vurderte Chamberlain å verta sitjande ved makta til krisa var over, men etter eit møte i krigskabinettet kom ein fram til at tida no var inne for ei samlingsregjering. Då Labour samstundes gav beskjed om at dei ville delta i ei regjering under ein annan statsminister, leverte Chamberlain avskjedssøknaden sin ved Buckingham Palace den 10. mai. Chamberlain gav kongen råd om å bodsenda Churchill.[87] Det vart så danna ei ny regjering under Winston Churchill. I ein avgangstale på radio den kvelden sa Chamberlain:

Neville Chamberlain held avskjedstale på radio 10. mai 1940.
« For the hour has now come when we are to be put to the test, as the innocent people of Holland, Belgium, and France are being tested already. And you and I must rally behind our new leader, and with our united strength, and with unshakable courage fight, and work until this wild beast, which has sprung out of his lair upon us, has been finally disarmed and overthrown.[88] »

Lord President of the CouncilEndra

Chamberlain heldt fram i stillinga som leiar i det konservative partiet. Churchill ønskte òg å gjera han til finansminister, men han takka nei ettersom han var viss på at dette ville skapa problem med Laobur. I staden vart Chamberlain utropt til Lord President of the Council og vart medlem i krigskabinettet, som no berre hadde fem medlemmer.[89] Då Chamberlain steig inn i underhuset den 13. mai 1940, for fyrste gong sidan han gjekk av, fekk han ein jublande applaus.[89] Huset gav derimot Churchill ei kjølig mottaking.[89] Nokre av dei store, kjende talane hans, som «We shall fight on the beaches», fekk berre halvhjarta støtte.[90]

Chamberlain sitt fall frå makta gjorde han svært tung til sinns. Han skreiv at «få menn har opplevd slik ei endring i status i slik ei kort tid.»[e][91] Han sakna særleg statsminister-herskapshuset Chequers som ein stad han hadde vore særs lukkeleg, men skal ha avfunne seg med tapet etter ei avskjedsvitjing saman med kona den 19. juni.[92] Som Lord President fekk Chamberlain ansvart for viktige innanriksspørsmål, og leiar krigskabinettet når Churchill ikkje var til stades.[92] Attlee hugsa han seinare som ein god leiar og arbeidar, utan nokon bitterheit mot dei som hadde stått imot han.[93] Som leiar for Lord President's Committee hadde Chamberlain stor innverknad på krigsøkonomien.[94] 26. mai 1940 rapporterte Halifax til krigskabinettet at med Nederlanda overvunne og ei åtvaring frå den franske statsministeren Paul Reynaud om at Frankrike kunne koma til å skriva under på ein våpenkvileavtale at diplomatisk kontakt med eit framleis nøytralt Italia gjorde det mogleg å forhandla fram fred. Halifax meinte ein burde følgja dette opp. Krigskabinettet debatterte dette i tre dagar. Chamberlain si utsegn den tredje dagen, om at det var lite sannsynleg at ein ville få eit akseptabelt framlegg og at ein ikkje burde følgja planen, hjelpte til å overtala det om å avslå forhandlingar.[95]

Churchill føreslo fleire gonger å henta Lloyd George inn i rejgeringa. Chamberlain nekta to gonger i mai, og indikerte at han ville gå av dersom Lloyd George kom inn på grunn av den langvarige feiden deira. Churchill nemnde Lloyd George igjen i juni, og Chamberlain gjekk med på utnemninga dersom Lloyd George gav ei personleg utsegn om å leggja til side feiden. Lloyd George takka nei til å vera med i regjeringa.[96]

Chamberlain arbeidde hardt for å få det konservative partiet til å støtta Churchill, og samarbeidde med David Margesson, som var Chief Whip, om å vinna over parlamentsmedlemmer som var mistruiske til eller mislikte statsministereb. 4. juli, etter det britiske åtaket på den franske flåten ved Mers-el-Kébir, vart Churchill møtt av jubel frå dei konservative parlamentsmedlemmene ordna av dei to. Stasministeren vart svært rørt av den fyrste jubelen han hadde fått frå sitt eige parti sidan mai.[90] Churchill møtte lojaliteten frå Chamberlain med same mynt, og nekta å vurdera å kasta han ut frå regjeringa slik Labour og Liberals ønskte.[94]

Sjukdom og dødEndra

Chamberlain hadde lenge hatt god helse, bortsett frå nokre anfall av podagra.[97] I juli 1940 var han nesten alltid plaga av smerter. Han søkte legehjelp, og vart lagt inn for ein operasjon seinare den månaden. Kirurgane oppdaga at han leid av døydeleg tarmkreft, men skjulte det frå han, og sa i staden at han ikkje trengte fleire operasjonar.[98] Chamberlain gjekk tilbake til arbeidet i midten av august. Han vendte tilbake til kontoret sitt 9. september, men fornya smerter og dei nattlege bombeåtaka på London som gjorde at han måtte vera i bomberom og ikkje fekk nok kvile, tappa han for energi. Han forlet London for siste gong 19. september, og drog til Highfield Park i Heckfield.[99] Chamberlain bad om avgang frå Churchill den 22. september 1940. Statsministeren var fyrst skeptisk til å ta imot søknaden, men ettersom begge to innsåg at Chamberlain aldri ville kunna koma tilbake til arbeidet, gjekk han med på det. Churchill spurde om Chamberlain ville ta imot den høgaste britiske ridderordenen, hosebandordenen, som, bror hans hadde fått. Chamberlain avslo, og sa at han heller ville døy som «herr Chamberlain» som far sin, utan nokon tittel.[f][100]

9. november 1940 døydde Chamberlain, 71 år gammal. Fem dagar seinare vart han gravlagd i Westminster Abbey. På grunn av tryggleikstilhøve vart ikkje gravferda annonsert. Den tidlegare privatesekretæren til Chamberlain, John Colville, var plassvisar ved tenesta, medan både Winston Churchill og lord Halifax bar båra.[101] Etter kremasjonen vart oska hans plassert ved sida av den til Bonar Law.[102] Churchill talte om Chamberlain i underhuset tre dagar etter a han døydde:

« Whatever else history may or may not say about these terrible, tremendous years, we can be sure that Neville Chamberlain acted with perfect sincerity according to his lights and strove to the utmost of his capacity and authority, which were powerful, to save the world from the awful, devastating struggle in which we are now engaged. This alone will stand him in good stead as far as what is called the verdict of history is concerned.[103] »

MerknadarEndra

  1. "It is up to the Czechs now."
  2. "symbolic of the desire of our two peoples never to go to war again."
  3. Disraeli (or more properly Lord Beaconsfield) had stated "Lord Salisbury and I have brought you peace—but a peace, I hope, with honour." See Keyes 2006, s. 160.
  4. the only thing that matters is to win the war, though we may go bankrupt in the process.
  5. "Few men can have known such a reversal of fortune in so short a time."
  6. "prefer to die plain 'Mr Chamberlain' like my father before me, unadorned by any title."

KjelderEndra

  1. Crozier 2004–09.
  2. Macklin 2006, s. 11.
  3. Smart 2010, s. 2–3.
  4. Smart 2010, s. 5–6.
  5. Smart 2010, s. 6–8.
  6. Self 2006, s. 21.
  7. Self 2006, s. 22.
  8. Dutton 2001, s. 9.
  9. Smart 2010, s. 33.
  10. Smart 2010, s. 33–34.
  11. 11,0 11,1 Self 2006, s. 33–35.
  12. Smart 2010, s. 39.
  13. Self 2006, s. 40–41.
  14. Self 2006, s. 41.
  15. Self 2006, s. 42–43.
  16. Smart 2010, s. 62.
  17. Who Was Who, 1929–1940. A and C Black. 1949. s. 235. 
  18. Smart 2010, s. 67.
  19. Smart 2010, s. 77–79.
  20. Smart 2010, s. 70.
  21. Self 2006, s. 68.
  22. Self 2006, s. 79–80.
  23. Self 2006, s. 87–88.
  24. Self 2006, s. 89.
  25. Smart 2010, s. 106–07.
  26. Macklin 2006, s. 24–25.
  27. Dutton 2001, s. 14.
  28. Self 2006, s. 106.
  29. Smart 2010, s. 139–40.
  30. Maurice Bruce (1968). The coming of the Welfare State. Batsford. s. 370. ISBN 9780713413595. Arkivert frå originalen 24. juni 2016. Henta 14. august 2015. 
  31. Self 2006, s. 429.
  32. Self 2006, s. 161.
  33. Self 2006, s. 161–62.
  34. Dutton 2001, s. 40.
  35. 35,0 35,1 35,2 Macklin 2006, s. 158.
  36. 36,0 36,1 Self 2006, s. 298–99.
  37. Smart 2010, s. 225.
  38. Self 2006, s. 279.
  39. Self 2006, s. 273–74.
  40. Smart 2010, s. 228–29.
  41. Smart 2010, s. 230–32.
  42. Self 2006, s. 286.
  43. Smart 2010, s. 232.
  44. Smart 2010, s. 234.
  45. 45,0 45,1 45,2 45,3 Self 2006, s. 304.
  46. 46,0 46,1 Faber 2008, s. 148.
  47. Self 2006, s. 302.
  48. Faber 2008, s. 156.
  49. Faber 2008, s. 162.
  50. Faber 2008, s. 189.
  51. Faber 2008, s. 277.
  52. Self 2006, s. 310–12.
  53. Self 2006, s. 312–14.
  54. Smart 2010, s. 242.
  55. Faber 2008, s. 319–24.
  56. 56,0 56,1 56,2 Self 2006, s. 316.
  57. Faber 2008, s. 340–42.
  58. Faber 2008, s. 403–07.
  59. Faber 2008, s. 413–14.
  60. Self 2006, s. 324–25.
  61. Faber 2008, s. 417.
  62. Self 2006, s. 325.
  63. Faber 2008, s. 417–18.
  64. Faber 2008, s. 5.
  65. 65,0 65,1 Faber 2008, s. 5–7.
  66. Self 2006, s. 330.
  67. Faber 2008, s. 424–25.
  68. «Neville Chamberlain's declaration of war». TheGuardian.com. 6 September 2009. 
  69. Feiling 1970, s. 416.
  70. 70,0 70,1 Self 2006, s. 382.
  71. Self 2006, s. 386–87.
  72. Self 2006, s. 387–88.
  73. Smart 2010, s. 269.
  74. Self 2006, s. 383.
  75. Smart 2010, s. 268.
  76. 76,0 76,1 Self 2006, s. 390.
  77. Self 2006, s. 391.
  78. Dutton 2001, s. 61.
  79. Smart 2010, s. 273.
  80. 80,0 80,1 Self 2006, s. 415–16.
  81. Erin Redihan, "Neville Chamberlain and Norway: The Trouble with 'A Man of Peace' in a Time of War." New England Journal of History (2013) 69#1/2 pp. 1–18.
  82. Self 2006, s. 423.
  83. Self 2006, s. 424–25.
  84. Self 2006, s. 425.
  85. Self 2006, s. 426.
  86. Dutton 2001, s. 63–64.
  87. Self 2006, s. 428–30.
  88. Feiling 1970, s. 441.
  89. 89,0 89,1 89,2 Self 2006, s. 432.
  90. 90,0 90,1 Self 2006, s. 433.
  91. Smart 2010, s. 279.
  92. 92,0 92,1 Self 2006, s. 435.
  93. Macklin 2006, s. 90.
  94. 94,0 94,1 Self 2006, s. 436.
  95. Self 2006, s. 435–36.
  96. Self 2006, s. 440–42.
  97. Dutton 2001, s. 18.
  98. Self 2006, s. 442–43.
  99. Self 2006, s. 443–44.
  100. Self 2006, s. 445.
  101. Larson, Erik (2021). Splendid and the Vile: A Saga of Churchill, Family and defiance during the Blitz. London SE1 9GF: William Collins. s. 288. ISBN 978-0-00-827498-6. 
  102. Self 2006, s. 447–48.
  103. Self 2006, s. 447.
Bibliografi
Nettstader