Clyde Tombaugh
Clyde William Tombaugh (4. februar 1906–17. januar 1997) var ein amerikansk astronom, fødd i Illinois og oppvaksen der og i Kansas. Han er mest kjend for å ha oppdaga dvergplaneten Pluto i 1930, som den første lekamen i det som seinare vart rekna som Kuiperbeltet, men oppdaga òg mange asteoidar. Han ønskte òg seriøs vitskapleg forsking på uidentifiserte flygande objekt, eller UFO+ar.
Clyde William Tombaugh | |||
| |||
Fødd | 4. februar 1906 Streator i Illinois i USA | ||
---|---|---|---|
Død | 17. januar 1997 (90 år) Las Cruces i New Mexico i USA | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | Astronomi | ||
Yrke | astronom, universitetslærar | ||
Institusjonar | New Mexico State University University of California, Los Angeles | ||
Alma mater | University of Kansas Northern Arizona University Kansas State University | ||
Kjend for | Oppdaginga av Pluto |
Han var professor ved New Mexico State University frå 1955. Oppdaginga av Pluto gjorde han medan han var assistent på Lowell-observatoriet. I tillegg Pluto og mange asteroidar, har han oppdaga fleire stjernehopar, variable stjerner og galaksehopar. Han gjorde òg studioar av geologien på Mars og månen. Saman med P. Moore skreiv han ei bok om Pluto og oppdaginga av planeten, Out of the Darkness (1980).
Asteroiden 1604 Tombaugh, som vart oppdaga i 1931, er kalla opp etter han. Ein liten bit av oska etter Tombaugh vart plassert ombord på New Horizons-romsonden som vitja Pluto i 2015.
Asteroidar oppdaga av Tombaugh
endreTombaugh oppdaga totalt 14 asteroidar under søket etter Pluto og oppfølgjingssøket etter den foreslåtte «Planet X».
Namn | Oppdagingsdato |
---|---|
2839 Annette | 5. oktober 1929 |
2941 Alden | 24. desember 1930 |
3310 Patsy | 9. oktober 1931 |
3583 Burdett | 5. oktober 1929 |
3754 Kathleen | 16. mars 1931 |
3775 Ellenbeth | 6. oktober 1931 |
3824 Brendalee | 5. oktober 1929 |
4510 Shawna | 13. desember 1930 |
4755 Nicky | 6. oktober 1931 |
7150 McKellar | 26. oktober 1929 |
(6618) 1936 SO | 16. september 1936 |
(7101) 1930 UX | 17. oktober 1930 |
(7150) 1929 TD1 | 11. oktober 1929 |
(8778) 1931 TD3 | 10. oktober 1931 |
Kjelder
endre- «Clyde William Tombaugh», Store norske leksikon, 15. februar 2009, henta 21. mars 2015