Cochini-jødar

(Omdirigert frå Cochin-jødar)

Cochini-jødane er eit jødisk samfunn som tradisjonelt budde i området rundt byen Cochin i den sør-indiske delstaten Kerala. Cochini-jødane har budd i India i over 2000 år, men har alltid hatt kontakt med jødane i Midtausten og har derfor ikkje mist noko del av jødisk kultur eller tradisjonar over hundreåra.

Cochinijødisk familie. Frå Jewish Encyclopedia (190–1906)

Historia endre

Cochini-jødar er delt opp i tre forskjellige grupper med ulike opphav. Den eldste av dei er ei gruppe som heiter meyuhassim («dei med særføremoner»). Legendene deira seier at dei var handelsmenn som busette seg i India (som dei seier var det same landet som bibelen kalla «Ofir») i kong Salomo si tid. Den andre gruppa heiter mesjuhararim («dei som var gjorde frie»), og ein trur at dei opphavleg var slavar til meyuhassim-jødar som tok jødisk tru og vart frigjevne. Den siste gruppa heiter paradesi («utlendingane») og inkluderer jødar som i seinare tid flytta til Cochin-området frå Midtausten.

Ein trur at cochini-jødane først budde i Kudungallur. I året 379 fekk ein cochini-jøde som heitte Josef Rabban hersedom over ein landsby som heitte Anjuvannam, nær dagens Cochin, av kongen Parakaran Iravi Vanmar. Under styret til Josef Rabban vart Anjuvannam ein sjølvstendig jødisk prinsestat, og ein trur at dei fleste cochini-jødane flytta dit. Staten vart svært rik og mektig, og vart derfor roke på av arabarane i 1524. Jødane blei overvunne og flykta frå Anjuvannam til Cochin, der kongen gav dei land og pengar for å byggja ein ny landsby. Dei etablerte seg sjølve igjen som handelsmenn i Cochin, særleg i internasjonal peparhandel.

1600-talet vart Cochin-riket overvunne av portugisarane, som forfølgde både cochini-jødane og den lokale syrisk-ortodokse kyrkja. I 1660 fekk Nederland makt over Cochin-området, og i 1795 vart det overvunne av det britiske riket som gav nominell suverenitet tilbake til den lokale kongen. Forfølginga slutta då den portugisiske makta tok slutt, og det jødiske samfunnet i Cochin vart rikt og velståande igjen.

Det var nokre tusen cochini-jødar i India i 1940-åra, men dei fleste av dei har sidan flytta til Israel. Det finst i dag mindre enn hundre jødar i Cochin.

Språket endre

 
Skilt på den jødiske synagogen i Cochin

Cochini-jødar bruker ein dialekt av malayalam som er kalla jødisk-malayalam. Dialekten er særmerkt av sin bruk av svært mange hebraiske lånord. Mange av desse er ord for jødisk religiøse omgrep, som torá, siddúr og halakhá, men mange hebraiske ord vert brukte i samanhengar som er uvanlege på hebraisk. Ein seier til dømes അവന് ശലോമ് ആയി avan sjalåm áyi (han vart 'sjalom') for å fortelja at nokon er daud.

Dialekten bruker òg mange spesielle ord, som er laga frå malayalam-røter men ikkje finst på vanleg malayalam, for å skildra Gud på ein måte som passar med jødedommen. Dei fleste av desse orda er direkte omsette frå hebraisk til malayalam, til dømes ആദിപെരിയോന് ádiperiyån ‘den høgaste’, ഒരുവന് ആയവന് oruvanáyavan ‘den einaste’ og മൂലമ് ഉഡയോന് múlam udayån ‘den som finst i seg sjølv’. Cochini-jødar bruker også nokre uttrykk som inneheld blanding av hebraisk og malayalam, som ആലമ്പഡച്ചവന് álam padatsjavan som er laga av det hebraiske álam (universet) og det malayalam padatsjavan (‘skaparen’).

Cochini-jødar er stolte av det indiske opphavet sitt og har halde på identiteten og språket sitt til og med etter at dei flytte til Israel. Ein trur at det finst om lag 7 000 brukarar av jødisk-malayalam i Israel i dag.