Den syrisk-ortodokse kyrkja

Den syrisk-ortodokse kyrkje er ei av dei orientalsk-ortodokse kyrkjene. Ho blir leia av patriarken av Antiokia og heile Orienten, som har setet sitt i Damaskus iSyria. Biskopen av nest høgast rang i kyrkja er katolikos av India, leiaren for den syrisk-ortodokse kyrkje av Malankara, som har eit visst sjølvstyre. Kyrkja følgjer den vestsyriske ritusen og held liturgien på morsmålet til Jesus, arameisk (gammalsyrisk), og dessutan på malayalam (i Malankara) eller andre lokale språk (m.a. arabisk).

Den syrisk-ortodokse kyrkja

HovudkontorSankt Georgs katedral
Nettstadhttps://syriacpatriarchate.org/ Sjå dette på Wikidata
Patriark Ignatius Aphrem II, syrisk patriark av Antiokia, med hovudkvarter i Katedralen til sankt Georg i Damaskus.

Kyrkja angir medlemstalet sitt til å vera fire millionar. Eit meir realistisk anslag er sannsynlegvis rundt to millionar, ca. 1,2 millionar tilhøyrer katolikatet India, opptil ein halv million bur i Syria, og resten i ein verdsomspennande diaspora, hovudsakleg i USA, Sverige, Libanon og Tyskland.

Etter ein av prestane i kyrkja, Jakob Baradaeus (544–578), har kyrkja blitt karakterisert som jakobittisk av nokre motstandarar. Den syrisk-ortodokse kyrkje pleier ikkje sjølv å bruka denne nemninga, fordi ho ikkje oppfattar Jakob som grunnleggjaren sin.

Historie

endre

Den syrisk-ortodokse kyrkja er eit av kyrkjesamfunna som går tilbake til den urkristne kyrkjelyden i Antiokia, som var den nest eldste i kristendommen, etter den i Jerusalem. Fordi apostelen Peter blir sagd å ha vore den første biskopen av Antiokia, reknar den syrisk-ortodokse kyrkje han som grunnleggjaren sin.

Den noverande syrisk-ortodokse kyrkja går tilbake på den kristne delen av den arameisktalande befolkninga i Mesopotamia og tilstøytande område. Ved sida av Antiokia var framfor alt Edessa tidleg eit viktig sentrum for den arameiske kristendommen. Arameisk blei eit viktig kulturspråk, og skulen i Edessa var eit av dei viktigaste kunnskapssentera i tidleg mellomalder.

Historia til kyrkja blei prega av at kyrkjeprovinsen til Antiokia politisk sett høyrde til to ulike, fiendtlege rike, (Aust)romarriket i vest og det partiske og seinare sasanidiske Persarriket i vest. Denne grensa, som delte den arameiske kristendommen, skapte etter kvart også religiøse problem. Dei kristne i Persarriket proklamerte kyrkja si som sjølvstendig i 424. Etter konsilet i Efesos i 431, som ikkje blei godteke av dei persiske kristne, gjekk begge kyrkjene også ulike vegar teologisk. Dei fleste kristne i Persarriket høyrde no til kyrkja i Austen. Dei få gjenverande syrisk-ortodokse kristne i Persarriket blei organiserte under ein overbiskop som fekk tittelen mafrian, og som blei den nest høgaste tittelen i kyrkja etter patriarken.

I 518 oppstod endå eit skisme i patriarkatet Antiokia, sidan størsteparten av den arameisktalande kyrkja ikkje godtok konsilet i Kalkedon (451). Dermed var også patriarkatet Antiokia blitt delt i to kyrkjer: ein «kalkedonsk», som heldt fram samarbeidet med patriarkane i Konstantinopel og Roma; og ein «ikkje-kalkedonsk», hovudsakleg arameisktalande, som allierte seg med han likeins ikkje-kalkedonske koptiske kyrkje i Alexandria. Denne ikkje-kalkedonske kyrkja av Antiokia var den som no blir omtalt som den syrisk-ortodokse. Patriarken for denne blei utvist frå Antiokia i 518. Etter å fyrst ha fått asyl hos den koptiske patriarken i Alexandria, flytta setet mellom ulike kloster i Mesopotamia i fleire hundreår. Frå 1200-talet låg det i Mar Hananyo-klosteret i Tur 'Abdin-fjella, nær byen Mardin (dagens Tyrkia).

Den syrisk-ortodokse kyrkje opplevde ein blomstringsperiode under arabisk styre, særleg rundt 800 og 1200. Dei fleste muslimske makthavarane tolererte kristen religionsutøving. Dermed blei forholda for den syrisk-ortodokse kyrkja betre enn i det kristne Austromarriket, som aktivt hadde forfølgt tilhengjarar av kyrkjer som blei rekna som kjetterske. På sitt meste omfatta den syrisk-ortodokse kyrkja tjue metropolitansete og over hundre bispedøme frå Kypros i vest til Herat (dagens Afghanistan) i aust. Denne perioden tok slutt på 1300-talet med timuridane sine forfølgingar av kristne. Utbreiinga til den syrisk-ortodokse kyrkje blei kraftig redusert.

I løpet av krosstoga oppstod det kontakt att mellom den syrisk-ortodokse og den katolske kyrkja. Dette førte til enkelte konversjonar, og i 1782 til skipinga av ei katolsk særkyrkje med vestsyrisk ritus og sin eigen patriark (sjå den syrisk-katolske kyrkja).

I 1665 gjekk ein betrakteleg del av dei tomaskristne ved den indiske Malankarakysten u union med den syrisk-ortodokse patriarken Abdul Masih I. Den syrisk-ortodokse biskopen av Jerusalem, Gregorios Abdul Jaleel, reiste til India og stadfesta leiaren for dei tomaskristne som rettmessig metropolitt av Malankara. Dei tomaskristne aksepterte patriarken av Antiokia som det nye overhovudet sitt og overtok den vestsyriske ritusen til kyrkja. Dermed var den syrisk-ortodokse kyrkja av Malankara blitt til. Sidan den gong har metropolitten blitt vald av kyrkjelydane sine og blitt innsette av patriarken. Sidan har han hatt 1964 tittelen katolikos.

Under det tyrkiske folkemordet på armenske og syriske kristne mellom 1915 og 1917 blei om lag ein halv million syrisk-ortodokse drepne. Dei fleste overlevande flykta frå Tyrkia og slo seg ned i Syria eller andre verdsdelar. Patriarken måtte i 1933 forlata det hundreårgamle setet i Tur 'Abdin og budde fyrst i Homs, før han i 1959 flytta til det noverande setet i Damaskus.

Kjelder

endre