Codan
Codan er eit skandinavisk forsikringsselskap. Selskapet heiter Codan i Noreg og Danmark, og Trygg-Hansa i Sverige. Codan-konsernet har 3 200 tilsette i Norden og tilbyr skadeforsikring til både privatkundar og næringsliv.
Codan | |||
Org.form | Aktieselskab | ||
---|---|---|---|
CVR‑nummer | 56771212 | ||
Skipa | 1916 | ||
Hovudkontor | København | ||
Land | Danmark | ||
Nettstad | https://www.codan.dk/ |
Selskapet er resultat av ei rekkje fusjonar gjennom mange år og har røter tilbake til England i 1781. I Noreg har Codan vore representert under diverse merkenamn, dei ti siste åra som Trygg-Hansa Forsikring.
Selskapet i Noreg vart etablert så tidleg som i 1937 under namnet Rutebileiernes Forsikringsselskap Gjensidig og vart i 1996 kjøpt opp av Trygg-Hansa Försäkrings AB. I 1999 kjøpte det danske Codan-konsernet alle aksjar i Trygg-Hansa Försäkrings AB, og det norske selskapet vart omgjort til filial. 1. januar 2008 skifta selskapet i Noreg namn frå Trygg-Hansa til Codan Forsikring.
Codan-konsernet er 100 % eigd av britiske RSA Group. Det er dermed ein del av eit av dei største forsikringsselskapa i verda med kring 20 millionar kundar og 24 000 medarbeidarar rundt i verda.
Codan er eit poetisk namn på Austersjøen, avleitt frå det latinske namnet Sinus Codanus.[1]
Kjelder
endre- ↑ «Codan» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 1. desember 2024.