Kolatre
(Omdirigert frå Cola acuminata)
Kolatre (Cola acuminata) er eit tre i kattostfamilien som stammar frå Afrika. Det tilhøyrer Cola-slekta med over 120 artar. Kolatreet er er vanleg å dyrka i tropiske område, både i Vest-Afrika og Sør-Afrika. Det har ei belgforma frukt som inneheld 4 nøtter eller kjerner som er 4–5 cm lange. Dei er fyrst kvite og skiftar så farge til raud til svartbrun. Kolafrø inneheld teobromin og koffein. Dei blir etne og brukte som tilsetjingsstoff.
Kolatre | |
Kolatre | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Kattostordenen Malvales |
Familie: | Kattostfamilien Malvaceae |
Underfamilie: | Sterculioideae |
Slekt: | Cola |
Art: | Kolatre C. acuminata |
Vitskapleg namn | |
Cola acuminata |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Abatakola» frå Wikipedia på dansk, den 23. februar 2022.