Colbert Mountains
Colbert Mountains er ei gruppe isolert fjell med fleire avrunda, snødekte fjelltoppar. Det høgaste er kring 1500 moh, oppom Handel forlandsbre mellom Haydnfjorden og Schubertfjorden i vestlege sentrale delar av Aleksanderøya. Dei vart oppdaga og fotografert frå avstand av Lincoln Ellsworth då han lydde over Antarktis den 23. november 1935, og delvis kartlagd frå desse bileta av W.L.G. Joerg. Dei vart sett på ny og fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service, 1939–41, og av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) 1947–48, under Finn Rønne, som namngav dei etter kontreadmiral Leo O. Colbert, sjef for U.S. Coast and Geodetic Survey, som gav utstyr til ekspedisjonen. Dei vart kartlagde på ny i detalj frå flyfoto av D. Searle under RARE frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960.
Colbert Mountains | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 70°35′S 70°35′W / 70.583°S 70.583°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Colbert Mountains 70°35′00″S 70°35′00″W / 70.5833°S 70.5833°W | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Colbert Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Colbert Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).