Opna hovudmenyen

Cold Spring Harbor av Billy Joel

Cold Spring Harbor
Studioalbum av Billy Joel
Utgjeve 1. november 1971
Innspelt Juli 1971 ved Record Plant Studios i Los Angeles og
Ultrasonic Recording Studios, Hempstead, NY
Sjanger Softrock
Lengd 33:07 (original)
29:53 (ny utgåve)
Selskap Family Productions U.S. (1971)
Quality Records Canada (1971)
Philips U.K. (1971)
Columbia (1983)
Produsent Artie Ripp
Billy Joel-kronologi
Cold Spring Harbor Piano Man
(1973)


Cold Spring Harbor er det første soloalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, gjeve ut 1. november 1971. Han hadde då alt gjeve ut tre album som medlem av banda The Hassles (1966 til 1969) og Attila (1970).

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Innhaldsliste

UtgjevingEndra

Cold Spring Harbor vart gjeven ut på Family Productions, men på grunn av ein feil i mastringa av albumet er alle songane avspelt noko for raskt, slik at stemma til Joel høyres unaturleg høg ut. I følgje eit rykte skal Joel då han først høyrde det ferdige produktet ha «rive plata av platespelaren, sprunge ut av huset og kasta ho ned gata».[1] Artie Ripp, som eigde Family Productions og dermed dei originale lydbanda, var ansvarleg for produksjonsfeilen, og feilen kosta han venskapen med Joel. Han hadde skrive kontrakt med den då ukjende 22 år gamle Joel for ein 10 plater lang kontrakt, som tok bort alle rettane til dei originale lydbanda og forlagsrettane til noverande og framtidige songar frå Joel.[2]

Som ein del av avtalen med Columbia Records om å frigje Joel frå platekontrakten, klarte Ripp å skaffe seg store honorar frå sala av dei største hittane til Joel (fram til og med The Bridge i 1986). Ripp selde først forlagsrettane til songane til Joel attende til Joel etter hardt press frå direktøren i CBS/Columbia Records, Walter Yetnikoff, som hevda han truga Ripp til å sluttføre avtalen.[2][3][4] Ripp munne likevel mikse og gje ut albumet på nytt i 1983 via Columbia Records utan at Joel var involvert.

Sjølv om 1983-versjonen var attende til korrekt snøggleik, vart det gjort mange endringar til den originale innspelinga. Det vart lagt strykarar arrangert av Ripp og Jimmie Haskell på somme songar, medan «You Can Make Me Free» vart forkorta med tre minuttar. Den akustiske gitaren og det originale trommesporet på «Everybody Loves You Now» vart fjerna og bytta ut med eit nytt trommespor av Mike McGee, og pedalsteelgitaren og trommene frå «Turn Around» vart redigert bort til fordel for eit nytt trommespor av McGee og ny keyboard av Al Campbell, i tillegg til Fender Rhodes-piano spelt av L.D. Dixon.

SonginformasjonEndra

Cold Spring Harbor vart kalla opp etter ein liten stad med same namn i byen Huntington i New York, ein stad ved sjøen nær heimstaden til Joel.

Teksten til songen «Tomorrow Is Today» kom frå ein lapp Joel hadde skrive då han prøvde å ta sjølvmord ved å drikke møbelpuss. Han vart funnen av trommeslagaren sin og teken til sjukehus, der magen vart pumpa.

Joel gav ut konsertversjonar av «She's Got a Way» og «Everybody Loves You Now» på albumet Songs in the Attic i 1981. Den første songen vart gjeven ut som singel i 1982 og nådde 23. plassen på Billboard Hot 100-lista.[5]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Billy Joel. 

# Tittel Lengd
1. «She's Got a Way» (3:00 original LP) 2:51
2. «You Can Make Me Free» (6:05 original LP) 2:59
3. «Everybody Loves You Now» ((3:00 original LP)) 2:49
4. «Why Judy Why» (3:05 original LP) 2:58
5. «Falling of the Rain» (2:46 original LP) 2:38
6. «Turn Around» (3:49 original LP) 3:06
7. «You Look So Good to Me» (2:42 original LP) 2:29
8. «Tomorrow Is Today» (5:20 original LP) 4:40
9. «Nocturne» (2:48 original LP) 2:46
10. «Got to Begin Again» (3:04 original LP) 2:52

MedverkandeEndra

ProduksjonEndra

  • Produsent: Artie Ripp
  • Lydteknikarar: Larry Elliott, John Bradley, Artie Ripp
  • Remixing: Artie Ripp

ListerEndra

År (1984) Plassering
Japan (Oricon)[6] 44
Britiske album (OCC)[7] 95
US Billboard 200[8][A] 158

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Cold Spring Harbor - Billy Joel". Allmusic. Henta 27. august 2014.
  2. 2,0 2,1 Bordowitz, Hank. Billy Joel: The Life and Times of an Angry Young Man. Billboard Books, 2006.
  3. Interview with Yetnikoff. The Last Play at Shea (documentary film). 2010.
  4. Last Play at Shea (2010). The New York Times. October 28, 2010.
  5. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications)
  6. Okamoto, Satoshi (2011). Single Chart Book: Complete Edition 1968-2010 (på japansk). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. ISBN 4871310884. 
  7. "Billy Joel | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 27. august 2014.
  8. «Cold Spring Harbor - Billy Joel: Awards». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 27. august 2014.