Cold Sweat av Thin Lizzy

Cold Sweat
Singel av Thin Lizzy
frå albumet Thunder and Lightning
B-side

Bad Habits

Utgjeve 4. februar 1983
Sjanger Heavy metal
Selskap Vertigo
Tekstforfattar Phil Lynott
Låtskrivar(ar) John Sykes, Phil Lynott
Produsent Thin Lizzy & Chris Tsangarides

«Cold Sweat» er ein song av det irske rockebandet Thin Lizzy, og det femte sporet på det siste studioalbumet deira, Thunder and Lightning. Songen vart skriven av gitaristen John Sykes og Phil Lynott, og vart den største singelen frå albumet. Han nådde 27. plassen på den britiske singellista og 23. plassenen i Irland.[1]

Songen er kjend for gitarsoloen til Sykes, som har ein tapping-spelestil som var i ferd med å bli populær då albumet vart gitt ut, men som på den tida òg vart brukt av artistar som Eddie Van Halen og Randy Rhoads.

Innspeling og promotering endre

«Cold Sweat» vart spelt inn som ein av dei siste låtane på albumet Thunder and Lightning. Thin Lizzy hadde allereie skrive alt det andre materialet som var nødvendig, og då Sykes vart med i bandet, stod det berre att å spela inn songane. Han hugsa: «Fordi eg ikkje hadde bidrege med noko på dette stadiet, sleppte eg berre til med ei skisse av det som skulle bli 'Cold Sweat'; alt vart laga der og då i studio.»[2]

Produsenten Chris Tsangarides var overraska over at songen vart vald som singel: «Han var litt tung, sjølv for dei.»[2] Thin Lizzy vart beden om å framføra songen på det britiske TV-showet Top of the Pops, men vart vald bort etter at Lynott krangla med ein scenemanager.[2]

Den 28. januar 1983 framførte bandet songen på det britiske TV-musikkshowet The Tube, saman med «The Sun Goes Down» og «The Boys Are Back in Town».[3]

Andre versjonar endre

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. «Irish Charts - Thin Lizzy». www.irishcharts.ie. Henta 21. april 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Alan Byrne, «Thin Lizzy: Soldiers of Fortune», Firefly, 2004, s. 158.
  3. «Thin Lizzy on TV and radio 1980–84». Thin Lizzy Guide. Henta 1. juli 2013.