Brian Downey
Brian Michael Downey (fødd 27. januar 1951[1][2]) er ein irsk trommeslagar. Han var ein av grunnleggjarane av rockebandet Thin Lizzy og den einaste konstanten i bandet bortsett frå leiaren Phil Lynott fram til oppløysinga i 1983.[3] Downey var òg med på å skriva fleire Thin Lizzy-låtar. Allmusic-kritikaren Eduardo Rivadavia har hevda at Downey er «absolutt ein av dei mest undervurderte rocketrommeslagarane».[4]
Brian Downey | |||
Downey med Thin Lizzy i Aberdeen Music Hall, 6. januar 2011 | |||
Fødd | 27. januar 1951 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dublin i Irland | ||
Fødenamn | Brian Michael Downey | ||
Opphav | Irland | ||
Aktiv | Sidan 1967 | ||
Sjanger | Hardrock, bluesrock, heavy metal | ||
Instrument | trommesett | ||
Tilknytte artistar | Thin Lizzy, Funky Junction | ||
Plateselskap | Decca Records | ||
Verka som | Trommeslagar |
Karriere
endreHan voks opp i Crumlin i Dublin, og den tidlige musikalske innverkanaden hans kom frå hans far som spelte i eit lokalt sekkepipeband og elska jazz, og òg frå heltane hans frå 1960-åra: The Kinks, The Beatles og The Rolling Stones.[1] I sin ungdom møtte Downey venen, medgrunnleggjaren og bassgitaristen Phil Lynott, som gjekk på same skule. Før han danna Thin Lizzy hadde Downey vore med i ei rekkje skuleband, først The Liffey Beats, Mod Con Cave Dwellers og ein kort periode The Black Eagles (med Lynott). Han gjekk vidare til å spela i eit lokalt band, Sugar Shack, og vart så overtalt av Lynott til å bli med i eit anna band, Orphanage.[5] Då han møtte gitaristen Eric Bell, danna dei trioen Thin Lizzy. Sjølv om besetninga av musikarar i bandet endra seg i løpet av åra, med unntak av Lynott, heldt Downey fram med å vere det einaste andre faste medlemmen i bandet dei neste tretten åra, i tillegg til å spela trommer på soloalbumet til Lynott.
Etter Lynott døydde i 1986 spelte Downey i hyllestbesetninga til Thin Lizzy med John Sykes, Scott Gorham, Darren Wharton og Marco Mendoza, men var fråverande frå seinare Thin Lizzy-turnear. Etter Sykes slutta i gruppa i 2009 skapte gitarist Scott Gorham ei ny besetning av Thin Lizzy. Downey, Mendoza og Wharton vart med igjen, saman med to nye medlemmer: Def Leppard-gitaristen Vivian Campbell og tidlegare vokalist frå The Almighty, Ricky Warwick. Denne versjonen av Thin Lizzy starta ein omfattande verdsturné i januar 2010 og heldt fram med å turnera fram til byrjinga av 2013, med den nye faste gitaristen Damon Johnson som etter kvart erstatta Richard Fortus. Gorham hadde uttalt at bandmedlemmene vurderte å spela inn nytt materiale,[6] og dette prosjektet dukka til slutt opp under namnet Black Star Riders, som Downey valde å ikkje vera involvert i på grunn av presset frå jamleg turnéverksemd.[7]
Downey var gjest ved avdukinga av statuen av Lynott i 2005, og tromma for Gary Moore på hyllestkonserten som følgde. Downey medverka òg på Moore-albumet frå 2007, Close As You Get, og etterfølgjande turné.
I byrjinga av 2016 danna Downey ein trio, seinare firedelt band kalla Brian Downey's Alive and Dangerous. Bandet består av Downey, bassist/solovokalist Matt Wilson, gitarist/vokalist Brian Grace og gitarist/vokalist Phil Edgar. Dei turnarar i Europa og framfører hovudsakleg Thin Lizzy-låtar.[8]
Diskografi
endreMed Thin Lizzy
endre- For meir om dette emnet, sjå Diskografien til Thin Lizzy.
- Thin Lizzy (1971)
- Shades of a Blue Orphanage (1972)
- Vagabonds of the Western World (1973)
- Nightlife (1974)
- Fighting (1975)
- Jailbreak (1976)
- Johnny the Fox (1976)
- Bad Reputation (1977)
- Live and Dangerous (1978)
- Black Rose: A Rock Legend (1979)
- Chinatown (1980)
- Renegade (1981)
- Thunder and Lightning (1983)
- Life (1983)
Andre album
endre- Funky Junction – A Tribute to Deep Purple (1973)
- Gary Moore – Back on the Streets (1978)
- Phil Lynott – Solo in Soho (1980)
- Phil Lynott – The Philip Lynott Album (1982)
- John Sykes – «Please Don't Leave Me» (1982)
- Ymse artistar – Straight to Hell (1987)
- The Baby Snakes – Sweet Hunger (1988)
- Don Baker – Almost Illegal (1989)
- Gary Moore – After the War (1989)
- Gary Moore – Still Got the Blues (1990)
- Spirit Nation – Spirit Nation (1992)
- Blues Up Front – All the Way from Dublin (1999)
- Gary Moore – Close as You Get (2007)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brian Downey (drummer)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2023.
- ↑ 1,0 1,1 «Brian Downey». The Official Thin Lizzy Website. Henta 9. januar 2014.
- ↑ «Brian Downey». Drumsoloartist.com. 2010. Henta 22. april 2023.
- ↑ Prato, Greg (27. januar 1951). «Biografi på». AllMusic. Henta 19. april 2023.
- ↑ «Bad Reputation». AllMusic. Henta 19. april 2023>author=Eduardo Rivadavia.
- ↑ «Thinlizzy.org». Thinlizzy.org. 27. januar 1951. Henta 19. april 2023.
- ↑ «700 uutgitte Thin Lizzy-låter oppdaget». NME. 4. januar 2012. Henta 8. februar 2012.
- ↑ «Thin Lizzy to End, Black Star Riders to Begin». noise11.com. 20. desember 2012.
- ↑ «Alive And Dangerous». Henta 22. april 2023.