Colleferro
kommune i Italia
Colleferro er ein by og ein kommune i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia. Kommunen har i kring 22 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 27 km².
Byen Colleferro ligg i Sacco-dalen, på nordsida av fjellet Monti Lepini, 218 meter over havet og 54 kilometer aust for Roma. Han voks til på 1910-talet, i kring ein ammunisjonsfabrikk. Byen vart av den grunn eit bombemål under andre verdskrigen, i framkant av den allierte landgangen i Italia.
I dag er det kjemikaliekonsernet SNIA og sementprodusenten Italcementi som sysselset flest arbeidarar, men enno finst våpenproduksjon i Colleferro.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Colleferro» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2015.