Colvocoresses Bay
Colvocoresses Bay er ei bukt langs Budd Coast ved Williamsonbreen. Bukta er over 30 nautiske mil brei ved innløpet og er okkupert av bretunger og isfjell frå Williamsonbreen og Whittlebreen. Ho vart skissert av G.D. Blodgett (1955) frå flyfoto teken under U.S. Navy Operasjon Highjump (1946-47), og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter George Colvocoresses, som var sjøkadett på sluppen «Vincennes» under US Exploring Expedition (1838-42) leia av Charles Wilkes. Colvocoresses, som seinare vart kaptein i U.S. Navy, publiserte (1852-55) si eiga skildring om reisa i Four Years in the Government Exploring Expedition Commanded by Captain Wilkes.[1]
Colvocoresses Bay | |||
bukt | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 66°21′S 114°38′E / 66.350°S 114.633°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Colvocoresses Bay 66°21′00″S 114°37′59″E / 66.35°S 114.633°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Colvocoresses Bay». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Colvocoresses Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).