Williamsonbreen
Williamsonbreen er ein isbre som flyt nordaustover frå Law Dome og ut i Colvocoresses Bay. Han vart skissert av G.D. Blodgett (1955) frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump (1946–47). Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter John G. Williamson, matros på sluppen «Vincennes» under US Exploring Expedition (1838–42) leia av løytnant Charles Wilkes.
Williamsonbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Wilkes Land | ||
- koordinatar | 66°40′S 114°6′E / 66.667°S 114.100°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Williamsonbreen 66°40′00″S 114°06′00″E / 66.6667°S 114.1°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Williamson Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).