Comandante Ferraz-basen
Comandante Ferraz-basen (portugisisk Estação Antártica Comandante Ferraz) er ein permanent antarktisk forskingsstasjon kalla opp etter offiseren i den brasilianske marinen, Luís Antônio de Carvalho Ferraz, som vitja Antarktis mange gonger med britiske forskarar og overtydde regjeringa si om å opprette eit eige brasiliansk forskingsprosjekt i Antarktis.
Comandante Ferraz-basen | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Brazilian Antarctic Program | ||
Stad | King George Island | ||
- koordinatar | 62°05′11″S 58°23′36″W / 62.0865°S 58.3932°W | ||
Grunnlagd | 6. februar 1984 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Comandante Ferraz-basen 62°05′05″S 58°23′33″W / 62.084722°S 58.3925°W | |||
Wikimedia Commons: Estação Antártica Comandante Ferraz |
Basen ligg i Admiralty Bay på King George Island, nær tuppen av Den antarktiske halvøya, 130 km frå Sør-Amerika. Stasjon kom i drift frå 6. februar 1984 og består av modular ført til Antarktis med skipet «Barão de Teffé» (H-42 og fleire andre brasiliansk marineskip. Han kan huse opp til kring 60 personar, inkludert forskarar, teknikarar og støttepersonell, militære og sivile.
Historie
endreComandante Ferraz-basen vart bygd på same stad som den gamle britiske «Base G»,[1] og dei forvitra trestrukturane frå den gamle basen står i sterk kontrast til dei lysegrøne og oransje metalliske strukturane i den brasilianske basen. Oppom basen ligg ein liten gravplass med fem krossar. Fire av dei er til minne om britar frå British Antarctic Survey (BAS), mellom anna ein baseleiar som forsvann på sjøen, og ein brasiliansk radiotelegrafist som døydde av hjarteattakk i 1990.
Den 25. februar 2012 vart det brann i maskinrommet som husar generatorane til stasjonen, og 70% av stasjonen vart øydelagd i brannen.[2] To brasilianske soldatar mista livet i brannen, medan ein tredje vart skadd.[3] Det tok kring to år bygge stasjonen opp att.[4]
Klima
endreSidan alle månadane av året har ein middeltemperatur under 10 °C, har Comandante Ferraz-stasjonen eit tundra-klima (Köppen ET). Årsmiddeltemperaturen på stasjonen er kring -2,8°C.
Vêrdata for Comandante Ferraz Station | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 4,3 | 4,2 | 3,3 | 1 | −0,5 | −2,5 | −3,3 | −2,5 | −1 | 0,2 | 2,1 | 3,4 | 0,7 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 2,2 | 2,2 | 1,1 | −1,5 | −3,1 | −5,4 | −6,4 | −5,3 | −3,7 | −2 | −0,2 | 1,2 | −1,7 |
Gjennomsnittleg min °C | 0,4 | 0,4 | −1 | −3,7 | −5,6 | −8,1 | −9,7 | −8,2 | −6,5 | −4,1 | −2,1 | −0,6 | −4 |
Kjelde: CPTEC/INPE[5] |
Kjelder
endre- ↑ BAS Admiralty Bay Station G[daud lenkje] British Antarctic Survey. Henta 15. mars 2014.
- ↑ Two die in fire at Brazil's Antarctic Station Bfvt. Henta 16. mars 2014.
- ↑ (portugisisk) Base da Marinha na Antártida será reconstruída em 2 anos, diz Amorim ("Navy base i Antarktis will be rebuilt in 2 years, says Amorim») G1, Henta 16. mars 2014.
- ↑ «Ferraz Climatology». Summary of meteorologisk data frå Antarktis Station Comandante Ferraz. Henta 16. mars 2014