Conisbrough (ofte feilstava Conisborough) er ein liten by omtrent midt mellom Doncaster og Rotherham i South Yorkshire i England. Han ligg ved elva Don.

Conisbrough

Conisbrough Castle
Conisbrough Castle
Conisbrough Castle
Plassering
Conisbrough is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap South Yorkshire
Distrikt Doncaster
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

15 361
Koordinatar 53°29′N 1°14′W / 53.483°N 1.233°W / 53.483; -1.233
Diverse annan informasjon
Postnummer DN12
Telefon-retningsnummer 0 1709
Commons har multimedium som gjeld: Conisbrough

Byen har det som vert rekna som den den eldste bevarte bygningen i South Yorkshire, den angelsaksiske St. Peters kyrkje (Den engelske kyrkja), datert til 600- eller 700-talet. Det meste av kyrkja slik ho står no er frå 1100-talet. Opphavleg var ho ein del mindre, og ho vart utvida i normannisk tid. Ein del av glasmåleri frå 1400-talet er bevarte.

Conisbrough slott er ein av dei mest populære turistattraksjonane i området. Det ligg på same stad som ein tidlegare saksisk busetnad. Det første slottet var i tre, og vart bygt av normannaren William de Darenne i 1070. Det vart raskt erstatta med eit i stein, som mot slutten av 1100-talet vart overdratt til Hamelin Plantagenet gjennom ekteskap. På 1300-talet døydde eigaren John de Warennes utan arvingar, og slottet tilfall derfor Krona, som gav det vidare til Hertugen av York. Det var i dårleg forfatning, og kunne ikkje nyttast som forsvarverk. Derfor unngikk det å bli øydelagd under borgarkrigen. Staten tok over ruinen i 1949, og det har blitt sett i betre stand slik at den kan vere ope for publikum.

Det er usikkert når byen vart grunnlagd, men det er mogeleg at han er identisk med Kaerconan, ein by som vart befesta av Aurelianus av Britannia etter sigeren hans over Hengest av Kent. På 1100-talet er byen nemnd som Cununugeburc.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre