South Yorkshire
South Yorkshire er eit metropolitansk grevskap i Yorkshire and the Humber i England. Det har kring 1,3 millionar innbyggjarar og består av fire bykommunar: Barnsley, Doncaster, Rotherham og Sheffield. South Yorkshire vart skipa 1. april 1974.[1]
South Yorkshire | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Status | Seremonielt og metropolitansk grevskap |
Opphav | 1974 |
Region | Yorkshire and the Humber |
Areal | 1 552 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2007) - Folketettleik |
1 299 400 837,2 /km² |
Etnisitet | 95,0 % kvite 2.6% sørasiatiske 2,4% svarte |
Distrikt | |
![]() |
Det ligg på austsida av Penninane og har ikkje kystlinje. Det grensar til Derbyshire i sørvest, West Yorkshire i nordvest, North Yorkshire i nord, East Riding of Yorkshire i nordaust, Lincolnshire i aust og Nottinghamshire i søraust. Sheffield storbyområde er det sjette største storbyområdet i England og dominerer den vestlege halvdelen av South Yorkshire med over halvparten av innbyggjarane.
South Yorkshire grevskapsråd vart nedlagt i 1986 og distrikta er i dag i røynda sameinte styresmakter.
South Yorkshire vart skapt av 32 tidlegare lokale distrikt som låg i Derbyshire, Nottinghamshire, West Riding of Yorkshire og fire sjølvstendige bykommunar.
Bakgrunnsstoff Endra
- Offisiell nettstad Arkivert 2022-01-14 ved Wayback Machine.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «South Yorkshire» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Arnold-Baker, C., Local Government Act 1972, (1973)