Conker's Bad Fur Day
Conker's Bad Fur Day er eit action-plattformspel utvikla og utgjeve av Rare på spelkonsollen Nintendo 64. Det er det siste spelet frå denne utviklaren for konsollen, og vart gjeve ut 5. mars 2001 i Nord-Amerika og 6. april 2001 i Europa. Spelet handlar om Conker, eit raudt ekorn med drikkeproblem som prøver å koma seg heim til kjerasten sin. Spelmekanikkane består i ulike utfordringar som å løysa gåter og køyra kappløp med farkostar, fordelt over fleire nivå med varierande tema. Spelet har også ein fleirspelarmodus der opp til fire spelarar kan tevlast i sju ulike speltypar.
Conker's Bad Fur Day | |||
| |||
Utviklar(ar) | Rare | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Rare/ THQ | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Chris Seavor | ||
Komponist(ar) | Robin Beanland | ||
Plattform(er) | Nintendo 64 | ||
Utgjeving | NA: 5. mars 2001 EU: 6. april 2001 | ||
Sjanger | Action, plattform | ||
Spelemodus | Enkeltspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | ELSPA: 15+ ESRB: M | ||
Del av serien Conker⠀ | |||
←Conker's Pocket Tales⠀ · Conker: Live & Reloaded→ |
Conker's Bad Fur Day var under utvikling i fire år og var i utgangspunktet berekna på eit yngre publikum, men spelet vart forandra på og marknadsført mot ei mykje eldre målgruppe. Det har grafisk vald, seksuelle scener, sterkt språk, toaletthumor og fleire filmparodiar. Spelet fekk svært positive omtalar frå journalistar som skriv om dataspel, der dei mellom anna roste grafikken i spelet, ljoden og framstillinga. Spelet selde mindre bra grunna manglande reklamering av produktet og av di det vart gjeve ut nær slutten av livssyklusen til Nintendo 64-konsollen, men det fekk kultstatus grunna sin unike stil. Ei ny utgåve av spelet, kalla Conker: Live & Reloaded, med ny grafikk og annleis fleirspelarmodus vart gjeven ut på Xbox i 2005.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Conker's Bad Fur Day» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2012.