Connie Willis
Constance Elaine Trimmer Willis (fødd 31. desember 1945) er ein amerikansk science fiction- og fantasy-forfattar kjend under namnet Connie Willis. Ho har vunne elleve Hugo-prisar og sju Nebula-prisar for særskilde verk — fleire høgthengande prisar enn nokon anna forfattar.[1][2] I 2009 blei ho teken inni Science Fiction Hall of Fame,[3][4] og i 2011 blei ho utnemnd til SFWA Grand Master av Science Fiction Writers of America.[5]
Connie Willis | |
Fødenamn | Constance Elaine Trimmer |
Nasjonalitet | USA |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 31. desember 1945 (78 år) Denver |
Yrke | Forfattar, lærar |
Språk | engelsk |
Påverka av | H.P. Lovecraft, Bruce Sterling, William Gibson, Neal Stephenson, John le Carré |
Periode | 1980-talet-no |
Sjanger | Fantastisk litteratur, science Fiction |
Religion | Kongregasjonalistkirken |
Nettstad | http://conniewillis.net |
Connie Willis på Commons |
Fleire av verka hennar tek for seg tidsreiser utført av historiestudentar ved Universitetet i Oxford i framtida.[6] Denne såkalla Time Travel-serien omfattar novella «Fire Watch» (1982), romanane Doomsday Book og To Say Nothing of the Dog (1992 og 1998) og den todelte romanen Blackout/All Clear (2010).[6] Alle fire vann Hugoprisen og alle bortsett frå To Say Nothing of the Dog vann også Nebulaprisen.[2]
Bakgrunn
endreWillis blei fødd i Denver i Colorado. Ho studerte engelsk og pedagogikk ved Colorado State College (no University of Northern Colorado) som ho gjekk ut frå i 1967.[7][8] Ho gifta seg med Courtney Willis, som ei tid var fysikkprofessor ved University of Northern Colorado, og busette seg i Greeley i Colorado. Dei har ei dotter, Cordelia.
Willis arbeidde først som lærar. Ho gav ut si første novelle, «The Secret of Santa Titicaca», i bladet Worlds of Fantasy vinteren 1970 (desember).[9] Minst sju noveller følgde (1978–81) før debutromanen Water Witch, som ho skreiv med Cynthia Felice og gav ut på Ace Books i 1982.[9] Same året fekk ho eit stipend frå National Endowment for the Arts og slutta som lærar for å skriva på heiltid.[10]
Bibliografi
endre(utval)
- Water Witch (1982), med Cynthia Felice
- Lincoln's Dreams (1987)
- Light Raid (1989)
- Doomsday Book (1992)
- Impossible Things (1993)
- Uncharted Territory (1994)
- Remake (1994)
- Bellwether (1996)
- Promised Land (1997), med Cynthia Felice
- To Say Nothing of the Dog (1997)
- Passage (2001)
Prisar og utmerkingar
endreHugoprisen
endreVann
- Fire Watch : langnovelle : 1983
- The Last of the Winnebagos : kortroman : 1989
- Doomsday Book : roman : 1993[11]
- Even the Queen : novelle : 1993
- Death on the Nile : novelle : 1994
- The Soul Selects Her Own Society: Invasion and Repulsion: A Chronological Reinterpretation of Two of Emily Dickinson's Poems: A Wellsian Perspective : novelle : 1997
- To Say Nothing of the Dog : roman : 1999[12]
- The Winds of Marble Arch : novelle : 2000
- Inside Job : kortroman : 2006
- All Seated on the Ground :roman : 2008
Nomineringar
- Daisy, In the Sun : novelle : 1980
- The Sidon in the Mirror : langnovelle : 1984
- Blued Moon : langnovelle : 1985
- Spice Pogrom : kortroman : 1987
- At the Rialto : langnovelle : 1990
- Time-Out : kortroman : 1990
- Cibola : novelle : 1991
- In the Late Cretaceous : novelle : 1992
- Jack : kortroman : 1992
- Miracle : langnovelle : 1992
- Remake : roman : 1996[13]
- Passage : novelle : 2002[14]
- Just Like the Ones We Used to Know : kortroman: 2004
Nebulaprisen
endreVann
- Fire Watch : langnovelle : 1983
- A Letter from the Clearys : novelle : 1983
- The Last of the Winnebagos : kortroman : 1988
- At the Rialto : langnovelle : 1990
- Doomsday Book : roman : 1993[11]
- Even the Queen : novelle : 1993
Nomineringar
- The Sidon in the Mirror : langnovelle : 1984
- Schwarzschild Radius : langnovelle : 1988
- Jack : novella : 1992
- Death on the Nile : langnovelle : 1994
- Bellwether : roman : 1998
- To Say Nothing of the Dog : roman : 1999[12]
- Passage : roman : 2002[14]
- Just Like the Ones We Used to Know : kortroman : 2005
Locusprisen
endreVann
Nominering
- Lincoln's Dreams: roman : 1988[16]
Arthur C. Clarke–prisen
endreNomineringar
World Fantasy Awards
endreNomineringar
- Chance : novella : 1987
- The Winds of Marble Arch : kortroman : 2000
John W. Campbellprisen for beste roman
endreVann
- Lincoln's Dreams: 1988[16]
Britiske Science Fiction Association sin pris
endreNominering
- Doomsday Book: roman : 1993[11]
Kjelder
endre- ↑ Merrick, Helen. «Nebula Awards Interview: Connie Willis». Science Fiction and Fantasy Writers of America. Henta 3. april 2013.
- ↑ 2,0 2,1 «sfadb : Connie Willis Awards». www.sfadb.com. Henta 14. november 2015.
- ↑ «EMP|SFM Announces its 2009 Science Fiction Hall of Fame Inductions». empsfm.org. 14. august 2009. Arkivert frå originalen 14. august 2009. Henta 14. november 2015.
- ↑ Strock, Ian Randal (6. april 2009). «2009's Science Fiction Hall of Fame Inductees». Science Fiction Hall of Fame. sfscope.com. Arkivert frå originalen 10. juli 2012. Henta 6. juni 2009.
- ↑ «Damon Knight Memorial Grand Master». Science Fiction and Fantasy Writers of America (SFWA). Arkivert frå originalen 8. mars 2013. Henta 3. april 2013.
- ↑ 6,0 6,1 «Time Travel - Series Bibliography». www.isfdb.org. Henta 3. april 2013.
- ↑ UNC Writers’ Conference Features Internationally Renowned Sci Fi Author, arkivert frå originalen 12. juni 2018, henta 11 October 2015
- ↑ «University Archives: RG18 ALUMNI». University of Northern Colorado: University Archives. January 27, 2002. Arkivert frå originalen 9. januar 2009. Henta June 6, 2009.
- ↑ 9,0 9,1 «Connie Willis - Summary Bibliography». www.isfdb.org. Henta 3. april 2013.
- ↑ "Connie Willis: The Facts of Death", Locus, January 2003, p. 7.
- ↑ 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 «1993 Award Winners & Nominees». Worlds Without End. Henta 4 maj 2009.
- ↑ 12,0 12,1 12,2 «1999 Award Winners & Nominees». Worlds Without End. Henta 4 september 2009.
- ↑ «1996 Award Winners & Nominees». Worlds Without End. Henta 4 september 2009.
- ↑ 14,0 14,1 «2002 Award Winners & Nominees». Worlds Without End. Henta 4 september 2009.
- ↑ 15,0 15,1 «2001 Award Winners & Nominees». Worlds Without End. Henta 5 september 2009.
- ↑ 16,0 16,1 «1988 Award Winners & Nominees». Worlds Without End. Henta 5 maj 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Connie Willis» frå Wikipedia på engelsk, og «Connie Willis» frå Wikipedia på svensk den 17. november 2016.