Parlamentarisme er ei styreform som inneber at regjeringa må ha tillit frå fleirtalet i nasjonalforsamlinga for å kunne bli sitjande. I Noreg har me hatt parlamentarisme som styreform sidan 1884. Det var partiet Venstre, med Johan Sverdrup i spissen, som innførte parlamentarismen i Noreg. Dei fleste europeiske land og mange demokrati over heile verda praktiserer parlamentarisme, men ikkje til dømes USA og Russland.

Land merka raudt har parlamentarisme

Parlamentarisme tyder at den utøvande makta, regjeringa, ikkje kan ha negativt fleirtal i den lovgivande og løyvande nasjonalforsamlinga, parlamentet. Dette kjem av at det berre er parlamentet som har direkte demokratisk legitimitet, sidan det er den einaste styresmakta som er demokratisk folkevald gjennom frie val. Difor lyt regjeringa omveges henta sin legitimitet frå parlamentet ved at parlamentet har tillit til henne. I eit parlamentarisk system må regjeringa og regjeringssjefen gå av dersom eit fleirtal i det folkevalde parlamentet vil det, til dømes ved eit mistillitsframlegg. Ei mindretalsregjering kan òg truga med å gå av ved kabinettspørsmål, noko som kan vera effektivt dersom opposisjonen i parlamentet er kløyvd. I dei aller fleste parlamentariske land, utanom Noreg, har regjeringssjefen høve til å løysa opp parlamentet og lysa ut nyval. Såleis har dei parlamentariske systema ei hjelperåd for handa dersom dei skulle hamna i ei parlamentarisk stode der det ikkje er noko styringsført eller samarbeidsviljugt fleirtal i parlamentet som kan skipa eller støtta opp om ei regjering.

Presidentar i parlamentariske republikkar har ofte inga røynleg politisk makt, men heller ei symbolsk og seremoniell stilling, lik ein konstitusjonell monark. Presidenten er ofte indirekte vald av parlamentet, slik som til dømes i Tyskland, Italia og Israel. I andre parlamentariske republikkar er presidenten òg direkte folkevald, til dømes i Island og Kroatia. Parlamentarisme finn me i mange demokrati, både i republikkar og konstitusjonelle monarki, særskilt i Europa. Såleis alle dei nordiske landa, uansett om dei har konge eller president som statsoverhovud.

Eit alternativ til parlamentarisme er presidentstyre, eller presidentialisme, der presidenten og hans administrasjon, som er den utøvande makta, ikkje kan avsetjast av den lovgjevande makta, i og med at båe har kvar for seg sin direkte demokratiske legitimitet frå demokratiske val. Såleis til dømes USA. Der er det altså ikkje parlamentarisme. Attåt dette finst noko me kallar semipresidentialisme, der både president og parlament er direkte valde, men presidenten har nokre særlege rettar, til dømes vetorett og oppløysingsrett. Dette slaget demokrati finn me i land som Portugal, Irland, Finland og Frankrike.

Sjå og endre

Kjelder endre