Opna hovudmenyen

Tidssoner er tenkte soner på jorda der klokka er den same fordi ein er komen om lag like langt i døgeret. I tillegg til jordrotasjonen blir tidssonene òg fastsette ut frå landegrensene, slik at dei fleste land bruker éi felles tidssone. Hadde ein følgd dei rette linjene på kartet slavisk, hadde nesten heile det norske Vestlandet vore i den britiske tidssona.

Tidssoner

Fordi jorda roterer rundt sin eigen akse, vil det aldri vere det same tidspunktet på dagen over heile kloden. Dette er løyst ved å dele jorda opp i 24 tidssoner. Til dømes er klokka fire i Oslo, når ho er tre i London.

Tidssonene fylgjer tilnærma kvar 15. meridian. Dei fleste landa fylgjer berre ei tidssone, sjølv om dei dekkjer fleire meridianar. Kina, Russland og USA har interne soneinndelingar. I Europa har Asorane (Portugal) og Kanariøyane (Spania) ei anna tidssone enn fastlandet.

Koordinert universaltid (UTC) vert ofte nytta for å gje tidssoner.

Tidssoner i forhold til GreenwichEndra

Nullpunktet er nullmeridianen som går gjennom Greenwich i England. Ut frå denne er det sett opp 24 tidssoner, kvar med 15 grader mellom, som representerer ein time.

På den motsette sida av jorda, i forhold til Greenwich, går datolinja. Det er altså i tidssona aust for datolinja at årsskiftet kjem fyrst.

Tidssone i NoregEndra

Normaltid i Noreg fylgjer ei tidssone som går 15 grader aust for Greenwich (UTC+1).

Ved sommartid flyttar ein seg ei tidssone mot aust, og sola står i sør ein time tidlegare.

Klokka 12Endra

Klokka 12 middag som tidspunkt har to tydingar: kalendarisk og astronomisk.

  • Alminneleg eller kalendarisk middag er den vanlegaste bruken. Ein kallar klokketidspunktet midt på dagen for middag, kl. 12:00, uavhengig av normaltid, sommartid eller plassering i tidssona.
  • Astronomisk middag er det tidspunktet på døgeret då sola står høgast på himmelen. Dette vil normalt vere den lysaste tida på døgeret. Klokkeslettet varierer då med lengdegradene i høve til den tidssona som gjeld for staden, og eventuell sommartid. Bygda Eidet i Nordland fylke ligg om lag midt under tidssoneaksen for CET (15° aust for Greenwich), og vil ha astronomisk middag om lag kl. 12:00 ved normaltid.

Tabellen viser klokka ved astronomisk middag i fem norske byar:

By Lengdegrad Normaltid Sommartid
Stavanger 05,73° 12:37 13:37
Oslo 10,75° 12:17 13:17
Trondheim 10,42° 12:18 13:18
Tromsø 18,95° 11:44 12:44
Vadsø 31,10° 10:45 11:45

(Tidspunkta er gjennomsnittlege og varierer med ±15 minutt gjennom året. Eksakte tidspunkt for når sola står i sør kan finnast i ein almanakk.)

BakgrunnsstoffEndra