Cookøyane

(Omdirigert frå Cook-øyene)

Cookøyane er ei øygruppe i Stillehavet som utgjer ein sjølvstyrt stat i fri assosiasjon med New Zealand. Øygruppa omfattar 15 øyar. Arealet er 240 km² og folketalet om lag 15 000.

Cookøyane
Cook Islands
Kūki 'Āirani
øygruppe
Flagg
Symbol
Nasjonalsong: Te Atua Mou E
Land  Cookøyane
Del av Kongeriket New Zealand
Hovudstad Avarua
Areal 240,0 km²
Status Sjølvstyrt stat i fri assosiasjon med New Zealand
Folketal 14 222 (2023)[1]
Språk cookøy-maori, engelsk
Tidssone UTC -10
Retningsnummer +682
Domene .ck
Kart
Cookøyane
21°14′00″S 159°47′00″W / 21.233333333333°S 159.78333333333°W / -21.233333333333; -159.78333333333
Kart som viser Cookøyane.
Kart som viser Cookøyane.
Kart som viser Cookøyane.
Wikimedia Commons: Cook Islands

Cookøyane vart først folkesett av polynesiske folk. Dei første nedskrivne vitnesbyrda om øyane kjem frå eit spansk skip frå 1595. Spanjolar gjekk i land på øya Rakahanga i 1606. Den britiske sjøfararen James Cook kom til øyane i 1773 og 1779. Han gav dei namnet Herveyøyane. Namnet Cookøyane er først kjent frå eit russisk kart frå 1880-åra.

Cookøyane vart eit britisk protektorat i 1888. Dei vart overførte til New Zealand i 1901. Dei var eit newzealandsk protektorat til 1965 då dei fekk sjølvstyre i fri assosiasjon med New Zealand.

Statusen som fri assosiert stat inneber at øyane har fullt sjølvstyre i interne saker. New Zealand har noko av ansvaret for internasjonale tilhøve og forsvar, i samråd med Cookøyane. Dronninga av New Zealand, som er den same som dronninga av Storbritannia, er statsoverhovud og er representert på øyane av sin Queen's Representative. Øyane er eit parlamentarisk demokrati og regjeringa vert leia av ein statsminister.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.who.int/countries/184; vitjingsdato: 23. november 2024.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Cookøyane