Cool Climate Oenology and Viticulture Institute


Cool Climate Oenology and Viticulture Institute (CCOVI) er eit forskingsinstitutt ved Brock University i St. Catharines i Ontario i Canada. Det vart grunnlagt i 1996 og er ein partnarskap mellom Wine Council of Ontario (WCO) og Ontario Grape Growers Marketing Board, no Grape Growers of Ontario (GGO). I tillegg til forskarprogramma, tilbyr det akademiske program gjennom Department of Biological Sciences. Ved CCOVI har fleire studentar fullført undergraduate, graduate og certificate-program, og i 2007 vart den første doktargraden avlagt her.

Cool Climate Oenology and Viticulture Institute
Kallenamn og forkortingarCCOVI
MottoFrom vine to wine
Grunnlagt1996
StadFlagget til Canada Brock University i St. Catharines
Tilsette10
Nettstadhttp://www.brocku.ca/ccovi

Folk med utdanning frå CCOVI har gjort karriere i vindyrkingsregionar rundt om i verda, mellom anna i Frankrike, New Zealand, Australia og California. Mange tidlegare studentar har vald å vidareutvikle og betre den kanadiske vinindustrien i område som Niagara Peninsula, British Columbia, Lake Erie North Shore-regionen, Prince Edward County og Nova Scotia. Utdanna ved CCOVI har hatt stor suksess på mange område som vinproduksjon, vinavl, forsking og utvikling og akademia.[treng kjelde]

Sjå òg

endre

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre