Eriesjøen

(Omdirigert frå Lake Erie)

Eriesjøen (engelsk Lake Erie) er ein av dei store sjøane i Nord-Amerika. Sjøen grensar til delstatane Ohio, Pennsylvania, New York og Michigan. I nord grensar han til Canada. Eriesjøen er den trettande største ferskvass-innsjøen i verda. Sjøen har eit areal på 24 000 km² og har ei gjennomsnittsdjupn på 19 meter. Han inneheld 483 km³ vatn.

Eriesjøen
innsjø
Soloppgang over Eriesjøen nær Cleveland
Land  Canada,  USA
Område Grensa mellom Canada og USA
Tilsig Detroitelva
Utløp Niagaraelva
Opphaldstid 2,6 år
Høgd over havet 174 moh.
Lengd 388 km
Breidd 92 km
Areal 25 745 km²
Middeldjupn 19 m
Største djupn 64 m
Volum 484 km³
Kystlengd1 4 385 km
Koordinatar 42°30′N 81°00′W
Øyar 24+
Byar Buffalo
Erie
Toledo
Monroe
Cleveland
Kart
Eriesjøen
42°15′ N 80°0′ W
Wikimedia Commons: Lake Erie
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Sjøen er kalla opp etter irokesarstammen erie, som budde i sør for sjøen før europeiske nybyggarar dreiv dei vekk frå området.

Kart over Eriesjøen (mørkblå) og dei andre store sjøane

Sjøen skaper gunstige tilhøve for jordbruk i dei omkringliggande områda i Ontario, Ohio, Pennsylvania og New York. Sjøen inneheld mange fiskeartar og er populær både for sportsfiske og profesjonelle fiskeri. Men, etter at høge ureiningsnivå vart oppdaga på 60- og 70-talet har det vore ein lang debatt om forvaltning av sjøen og fiskeria.

Dei fem store sjøane er Øvresjøen, Michigansjøen, Ontariosjøen, Eriesjøen og Huronsjøen.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Eriesjøen