Daglegvarekjeda Obs

(Omdirigert frå Coop Obs!)

Obs er ei norsk hypermarknadkjede som er eigd og driven av Coop Norge. Kjeda har slagordet «Penger spart...»[treng kjelde] I 2022 var det 31 Obs-butikkar i Noreg.[1]

Obs

Org.formSamvirkeforetak
Org.nr.980393283
Skipa1968
EigarCoop Norge SA
MorselskapCoop Norge SA
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://www.obs.no/ (norsk)

Historie endre

Den fyrste stormarknaden opna på Lade i Trondheim i 1968 under namnet DOMUS Stormarked.[2] Butikken var ei ny oppleving for kundane, med eit areal 5600 kvadratmeter og 100 meter med kjøle- og frysediskar.[3]

I 1975 blei DOMUS Stormarked omprofilert til Obs! Stormarked (COOP). I 2001 blei Obs! Stormarked omprofilert til Coop obs! og i 2006 omprofilert til Coop obs! Hypermarked.

Coop ShopExpress blei fyrst lansert på Coop Mega Kleppe i 1997.[treng kjelde] Systemet er også brukt i Sverige på Coop Forum og Stora Coop. I 2001 blei Coop ShopExpress lansert,[treng kjelde] ei teneste som gjer det mogleg for Coop-medlemmer å skanna varene sjølv for deretter å betala i ein eigen sjølvbetent kasse.

I 2016 bytta kjeda namn frå Coop obs! Hypermarked tilbake til Obs. Den tilknytte byggevarekjeda endra namn frå Coop obs! bygg tilbake til Obs BYGG, Coop obs! elektro til Obs Elektro og Coop obs! sport til Obs Sport.

Logo-utvikling endre

Kjelder endre

  1. «Våre butikker». www.obs.no (på norsk bokmål). Henta 26. april 2022. 
  2. Aftenposten Aften - Stor dag for NKL og Domus i Trondheim (1. november 1968, side 10)
  3. «50 år med lave priser og stort utvalg», www.obs.no (på norsk bokmål), henta 1. mai 2022 

Bakgrunnsstoff endre