Corinne Rey-Bellet

Corinne Rey-Bellet (2. august 197230. april 2006) var ein sveitsisk skirennar. Ho vann ein sølvmedalje i utfor under VM i alpint 2003 i St. Moritz. Rey-Bellet vann fem verdenscuprenn. Ho var fødd og døydde i landsbyen Les Crosets i kommunen Val-d’Illiez i kantonen Valais.

Corinne Rey-Bellet
Statsborgarskap Sveits
Fødd 2. august 1972
Val-d’Illiez
Død

30. april 2006 (33 år)
Val-d’Illiez

Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002

Aktiv endre

Rey-Bellet debuterte i dei store meisterskapa under vinter-OL 1992 i Albertville med ein 17. plass i storslalåm. Denne plasseringa forbetra ho under VM i alpint 1993 i Morioka med ein 14. plass i same øvinga. Enno eit lite hakk opp på resultatlista kom ho under VM i alpint 1996 i Sierra Nevada i Spania, då ho kom på 10. plassen i både utfor og super-G. Hennar til då beste meisterskapsprestasjonar kom i VM i alpint 1999 i Vail. Ho deltok då i fire ulike øvingar, med sjetteplassen i storslalåm og åttandeplassen i super-G som best.

Heilt i tetsjiktet kom Rey-Bellet først under VM i alpint i St. Anton i 2001. Ho kom då på fjerdeplassen både i utfor og i den alpine kombinasjonen, og på sjetteplass i super-G. Med ein femteplass i OL-utforen i Salt Lake City i 2002, måtte ho eit hakk ned på resultatlista. I 2003-sesongen kom så Rey-Bellet på sølvplass i utfortevlinga under VM i St. Moritz, jamsides Alexandra Meissnitzer frå Austerrike. Dei to var elleve hundredels sekundar bakom verdsmeisteren Melanie Turgeon frå Canada. I super-G-tevlinga kom Rey-Bellet på sjuandplass.

Rey-Bellet vann sine to første renn i verdscupen den 16. januar 1999. Den dagen vart det avvikla to renn i St. Anton, eitt i super-G og eitt i utfor. Rey-Bellet vann begge. Sidan vann ho eit renn i kvar av sesongane 2000, 2001, 2002. Ho kom på pallen i 15 renn i verdscupen. I tre sesongar var ho mellom dei ti beste i verdscupen; 1999, 2001 og 2002. Best i verdscupen var ho i 2002, då ho vart nummer sju, og kom på tredjeplass i verdscupen.

Rey-Bellet la opp i 2003 grunna ein rekke av skader i det høgre kneet.

Død endre

Rey-Bellet vart i 2006 skoten i foreldreheimen i Les Crosets. Også broren Alain vart funnen skoten, medan mora Verena var alvorleg skadeskoten. Corinne Rey-Bellet var då nyleg separert frå ektemaken Gerold Stadler. Mistanken for drapa gjekk mot Stadler, som etter tre dagar vart funnen skoten med ein revolver ved sidan av seg. Alt tydde på at han hadde teke sitt eige liv.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre