Cornelius Holmboe

norsk politikar

Cornelius Holmboe (17. april 188116. november 1947) var ein norsk jurist og politikar, fødd i Tromsø.

Cornelius Holmboe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. april 1881
Tromsø kommune
Død

16. november 1947 (66 år)
Hamar, Oslo

Yrke advokat, avisredaktør
Politisk parti Arbeidarpartiet

Holmboe, som var son til ein lækjar, vart cand.jur. i 1903 og arbeidde så nokre år i arbeidarpressa, og vart ein kjend agitator i arbeidarrørsla. Han var fyrst redaktør i Solungen på Flisa, og frå 1908 av Den 1. Mai i Stavanger. I 1909 slo han seg ned i fødebyen Tromsø og praktiserte som sakførar til han i 1937 vart tilsett som sorenskrivar i Nedre-Hedmark.

Vinteren 1928 var Holmboe justismister i den kortliva Hornsrud-regjeringa, leidd av Christopher Hornsrud.

Holmboe døydde i Oslo i 1947 og vart gravlagd på Hamar.

Kjelder endre