Kornell
planteslekt
(Omdirigert frå Cornus)
Kornell kan visa til tre eller buskar frå planteslektene Cornus og Swida i kornellfamilien, eller berre Cornus der denne er rekna som ei større slekt. Då omfattar ho rundt 45 artar som veks på den nordlege halvkula.
Vårkornellslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Kornellordenen Cornales |
Familie: | Kornellfamilien Cornaceae |
Slekt: | Vårkornellslekta Cornus L., 1753 |
Slektsnamnet Cornus kjem frå latin av ordet cornu, 'horn'. Ordet kornell kjem frå eit italiensk diminutiv av cornus.[1]
Dei fleste kornellar er lauvfellande buskar eller tre med krossvis motsette blad. Blomane er firetalige og veks i endestilte, greinete kvastar. Dei er einkjønna hjå nokre av artane. Blomane dannar ei steinfrukt. Veden er kjend for å vera svært hard.
I Noreg veks to kornellartar vilt, skrubbær (C. suecica) og villkornell (C. sanguinea).. Det blir også dyrka artar som kanelkornell, sibirkornell og vårkornell.
Kjelder
endre- «Kornell». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 5. april 2018.