Kornellfamilien
Kornellfamilien (Cornaceae) er ein plantefamilie i kornellordenen (Cornales).
Kornellfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Kornellordenen Cornales |
Familie: | Kornellfamilien Cornaceae Bercht. & J.Presl, 1825 |
Talet på artar og slekter varierer mykje mellom ulike forfattarar. Dette kjem særleg an på om sumptrefamilien (Nyssaceae) blir oppfatta som ein underfamilie av kornellfamilien, eller skild ut som ein eigen familie. I APG III-systemet blei han rekan som ein underfamilie av kornellfamilien, men i APG IV-systemet er han igjen ein eigen familie. Slekta Alangium med omtrent 24 artar er ofte blitt plassert i ein eigen familie, Alangiaceae, men blir no rekna som del av kornellfamilien.
Dette inneber at familien no omfattar rundt 85 artar fordelt på 2 slekter, Cornus og Alangium. Norsk litteratur, som Norsk flora, 7. utg og Artsdatabanken, splittar den store og ueinsarta slekta Cornus i fleire slekter,[1] men særleg i amerikansk litteratur er det framleis vanleg å oppretthalda Cornus i vid forstand.[2]
Dei fleste artane i denne gruppa er buskar eller tre, men det finst også nokre urter med jordstengel. Blada er heile med boga nerver. Dei sit spreidde eller motsett og er heilranda. Blomane er firtalige, og fruktene er steinfrukter.
Cornus er utbreidd i dei tempererte delane av den nordlege halvkula, og har også ein art i Andesfjella i Sør-Amerika og ein i Aust-Afrika. Alangium er utbreidd i tropiske og subtropiske delar av Afrika, Asia, Australia og stillehavsøyane.
I Noreg er berre skrubbær (Cornus suecica [Chamaepericlymenum suecicum]) og villkornell (Cornus sanguinea [Swida sanguinea]) opphavleg viltveksande, men fleire hageartar finst forvilla og delvis naturalisert.
Kjelder
endre- ↑ Lid, J. og D.T. Lid 2005. Norsk flora, 7. utg., redaktør: R. Elven, Samlaget, Oslo.
- ↑ R.H. Eyde (1987). «The case for keeping Cornus in the broad Linnaean sense». Syst. Bot. 12 (4): 505–518. ISSN 1548-2324. JSTOR 2418886. doi:10.2307/2418886.
- Denne artikkelen bygger på «Kornellfamilien» frå Wikipedia på bokmål, den 5. august 2018.
Litteratur
endre- «Cornaceae». APWEbsite. Henta 1. juli 2017.
- «Cornaceae». Flora of China. Henta 1. juli 2017.
- «Cornaceae». Flora of North America. Henta 1. juli 2017.