The Corries

(Omdirigert frå Corries)

The Corries var ei skotsk folkemusikkgruppe som utvikla seg under gjenopplivinga av tradisjonsmusikken på 1960-talet.[1] Gruppa er best kjend for å ha laga den uoffisielle skotske nasjonalsangen «Flower of Scotland». Gruppa bestod av Roy Williamson (25. juni 1936-12. august 1990) og Ronnie Browne (f. 1938).

The Corries
Aktiv1962–1990
SjangerSkotsk musikk

Historie

endre

Williamson og Browne møtte kvarandre i 1955 på College of Art i Edinburgh. Dei skipa The Corries. I 1974 gav dei ut singelen «Flower of Scotland», som fekk stor suksess og var med på å gjera gruppa populær. Singelen inneheldt to hyllingssongar til Skottland, ein skriven av Williamson («Flower of Scotland») og ein skriven av Browne («The Roses of Prince Charlie»). Begge blei til klassikarar i Skottland, og gav gruppa stor kommersiell suksess. I 1980-åra fekk The Corries sitt eige tv-program.

I 1989 byrja helsa til Williamson å bli dårligere, og han fekk konstatert ein vondarta hjernesvulst. 12. august 1990 døydde han. Browne fortsette som solist med songane til gruppa. I 2002 bestemte han seg for å pensjonera seg.

Diskografi

endre
  • The Corrie Folk Trio and Paddie Bell (1965)
  • The Promise Of The Day (1965)
  • Those Wild Corries (1966)
  • Bonnet, Belt and Sword (1967)
  • Kishmul's Galley (1968)
  • Scottish Lover Songs (1969)
  • Strings and Things (1970)
  • In Retrospect (1970)
  • Sound The Pibroch (1972)
  • A Little Of What You Fancy (1973)
  • Flower of Scotland (1974)
  • Live from Scotland Volume 1 (1974)
  • Live from Scotland Volume 2 (1975)
  • Live from Scotland Volume 3 (1975)
  • Live from Scotland Volume 4 (1977)
  • Peat Fire Flame (1977)
  • Spotlight On The Corries (1977)
  • Stovies (1980) (live)
  • A Man's A Man (1980)
  • The Dawning of the Day (1982) (live)
  • Lover From Scotland (1983)
  • Scotland Will Flourish (1985) (live)
  • Barrett's Privateers (1987) (live)
  • The Bonnie Blue (1988) (live)

Kjelder

endre
  1. Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 304. ISBN 1-85227-745-9.