Costa de la Luz
Costa de la Luz («Lyskysten») er ein del av kysten av Andalucía som vender ut mot Atlanterhavet. Ho strekkjer seg frå Tarifa i sør, langs kysten av provinsen Cádiz og provinsen Huelva, til munningen av elva Guadiana.
Costa de la Luz har lenge vore ein populær turistdestinasjon for spanske ferierande, men i seinare år har fleire og fleire utanlandske turistar òg kome her, særleg franskmenn og tyskarar.
Attraksjonar og rekreasjon
endreBortsett frå strender og sol kan ein her drive aktivitetar som å dra på gourmetrestaurantar, golf, kitesurfing, båtliv og andre former for vassport. Costa de la Luz er særleg kjend for dei vakre naturreservata og mange naturattraksjonar. Av desse finn ein Doñana nasjonalpark, med utryddingstruga dyreartar som spansk keisarørn og iberiagaupe, Cádizbukta, dei bratte klippene sør i Andalucia, marsklandet Barbate og klippene ved La Breña.
Av byar og strender finn ein (frå nordvest til søraust): Ayamonte, Isla Cristina, Lepe, El Portil, Punta Umbría, Matalascañas, Sanlúcar de Barrameda, Chipiona, El Puerto de Santa María, Cádiz, Chiclana de la Frontera, Conil de la Frontera, Zahara de los Atunes, Los Caños de Meca, Vejer de la Frontera, Bolonia og Tarifa.
Bakgrunnsstoff
endre36°15′N 5°58′W / 36.250°N 5.967°W
- Offisiell nettside for Costa de la Luz Huelva Arkivert 2008-03-15 ved Wayback Machine. (spansk)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Costa de la Luz» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2009.