Opna hovudmenyen

Guadiana (arabaisk Wadi Ana, latinsk Anas) er ei av dei store elvane i Spania og Portugal. Ho dannar delar av grensa mellom dei to landa og skil Extremadura og Andalucia (Spania) frå Alentejo og Algarve (Portugal).

Guadiana
elv
Guadiana river.jpg
Guadiana nær Serpa i Portugal.
Land Flag of Spain.svg Spania, Flag of Portugal.svg Portugal
Nedslagsfelt 67 733 km²
Lengd 778 km
Middelvassføring 78 /s
Munning Cádizbukta
 - høgd 1 000 moh.
Rio guadiana.svg
Wikimedia Commons: Guadiana River
Guadiana sitt nedslagsfelt

Ho er 778 km lang og drenerer eit område på om lag 67 000 km². Ho munnar ut i Cadizbukta, ein del av Atlanterhavet, mellom Vila Real de Santo António (Portugal) og Ayamonte (Spania).

Munningen til Guadiana, Portugal til venstre og Spania til høgre.

Badajoz i Spania er den største byen langs elva. Den største portugisiske byen langs Guadiana er Vila Real de Santo António, to kilometer før ho munnar ut i havet. Det er nesten to tusen demningar langs elva. Den største er Alqueva-demninga i Portugal.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra