Cotangens
Cotangens er ein trigonometrisk funksjon. Cotangens til ein vinkel i ein rettvinkla trekant er definert som forholdet mellom den hosliggande kateten til vinkelen og den motståande kateten. Det er òg definert som det inverse (resiproke) talet til tangens av vinkelen. Cotangens har vanlegvis symbol cot, men stundom òg ctg, cotan eller cotg.
Kjelder
endre«Cotangens» i Store norske leksikon, snl.no.