Cottrell J. Hunter
Cottrell James Hunter (14. desember 1968–28. november 2021) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Washington DC som tok gullmedaljen i kulestøyting under VM 1999, to år etter han tok bronsen i VM 1997. Han kom i vanry etter å ha vorte avslørt for si innblanding i dopingskandalen BALCO.
Cottrell J. Hunter | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 14. desember 1968 Washington |
Død | 28. november 2021 (52 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 2000 |
Aktiv
endreHunter vann kulestevlinga i panamerika-leikane 1995 i Mar del Plata med eit støyt på 20,52 m. To år seinare tok han bronsemedaljen i same øvinga under VM 1997 i Aten, trass i moderate 20,33 m. Under VM 1999 i Sevilla låg han på andreplassen før den siste omgangen. Han slo då til med ny personbeste på 21,79 m og vart dermed verdsmeister med god margin. Ved OL-kvalifiseringa for USA i Raleigh i juni 2000 sette Hunter personleg rekord med 21,87 m.
Doping
endreLike etter han kvalifiserte seg til Sommar-OL 2000, vart Hunter på Bislett Games i Oslo hekta for bruk av det forbodne middelet nandrolon. Han vart der etter utestengd frå idretten og la opp. Då BALCO-saka vart rulla opp i 2003, kom for ein dag at Hunter var ein av dei mange idrettsutøvarane som systematisk hadde vore dopa over fleire år.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 1991 i Tokyo: Nr 18 (17,97 m)
- OL 1996 i Atlanta: Nr 7 – 20,39 m
- VM 1997 i Aten: Bronsemedalje – 20,33 m
- VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje – 21,79 m, framom Oliver-Sven Buder (21,42 m)
Frå 1998 til 2001 var Hunter gift med Marion Jones.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «C. J. Hunter» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2018.
- «C. J. Hunter» (på engelsk). Olympedia. Henta 12. mars 2023.