Coulombmeter eller coulometer er eit instrument til måling av transportert elektrisk ladning ved elektrolyse. Tidlegare vart instrumentet kalla voltameter, eit namn ein bør unngå då det lett kan forvekslast med voltmeter. Stoffmengda som vert skilt ut ved ein elektrolyseprosess vert veid, og med kjennskap til den relative atommassen og valensen til stoffet som er skild ut, kan ein rekne ut den totale elektriske ladinga som har passert gjennom instrumentet.

Eininga ampere (A) var fram til 1947 definert ut frå målingar med coulometer, og var fastsett til den straumen som i løpet av eitt sekund skil ut 1,118 mg sølv av ei vandig sølvnitratløysing.

Kjelder endre