Sølvnitrat

uorganisk sambinding med kjemisk formel AgNO₃
Sølvnitrat
Nemningar
Formel AgNO3
Kjemisk namn Sølvnitrat
Andre namn Helvetesstein, lapis
Identitetsnummer CAS: 7761-88-8
Eigenskapar
Relativ molekylmasse 169,8732 u
Tettleik 4,35 g/cm3
Smeltepunktsintervall 212
Når ikkje anna er oppgjeve gjeld tala for eit stoff ved standardtilstand (25 °C, 100 kPa)
Struktur
Stoffgruppe Salt

Lewisstruktur:

-
Sølvnitrat


Sølvnitrat er ei giftig og etsande kjemisk sambinding av sølv, nitrogen og oksygen. I si reine form ved romtemperatur og i atmosfærisk trykk opptrer stoffet som gjennomsiktige eller kvite krystallar.

Teknisk brukEndra

Sølvnitrat vert brukt i fotografisk film og i framstillinga av fargestoff. Dessutan utgjer det «kjelda» til sølv ved forsølving (mellom anna forsølving av glasplater som dermed blir til speglar).

Giftig verknadEndra

Sølvnitrat er giftig ved inntak gjennom munnen eller nasen. Ved kontakt med hud kan stoffet skape brune misfargingar som gradvis blir svarte. Desse misfargingene kan ikkje vaskast vekk eller fjernast — har ein først fått dei, må ein vente på at huda blir sliten vekk, og ny flekkfri hud vert danna innanfrå.

Løysningar med låge konsentrasjonar (t.d. 1 %) sølvnitrat verkar antiseptisk, og har tidlegare vore brukt som augedropar på nyfødde. Lapisstift vert framleis i nokon grad nytta i behandling av sår.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Sølvnitrat