County Fingal (irsk Contae Fhine Gall, tyder «utanlandsk stamme») er eit grevskap i Republikken Irland. Det vart danna ut frå det tidlegare County Dublin. Vikingane kalla området Dyflinarskiri, landsbygda ved Dublin. Det opphavlege namnet kjem derimot frå det gamalirske Fionn Gall som tyder «vakre framande», og viser til nordmenn, medan områda sør for Dublin vart kalla Dubh Gall, og viste til danskane.

County Fingal
Contae Fhine Gall
Malahide Castle - geograph.org.uk - 1223715.jpg
Del av Irland
Hovudstad Swords
Areal 448 km²
Folketal 239 813 (2006)
Folketettleik 535 / km²
Provins Leinster
Bilnummer D

County Fingal
53°27′35″ N 6°13′5″ W
IrelandFingal.PNG
Wikimedia Commons: Fingal
Nettstad: www.fingal.ie

Fingal er det femte folkerikaste grevskapet i Irland og den største byen er Swords, som òg er administrasjonssete. Andre viktige byar er Blanchardstown. Balbriggan, Castleknock, Howth, Malahide og Mulhuddart.

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra