Leinster (irsk Laighin eller Laigin) er ein av dei fire provinsaneIrland, og utgjer den austlege delen av øya. Det består av grevskapa Carlow, Dublin, Kildare, Kilkenny, Laois, Longford, Louth, Meath, Offaly, Westmeath, Wexford og Wicklow. Leinster har flest innbyggjarar av dei fire provinsane. Det tradisjoneelle flagget til Leinster viser ei gullharpe på ein grøn bakgrunn.

Leinster
Cúige Laighean
Våpen
Del av Irland
Areal 19 774 km²
Folketal 2 292 939 (2006)
Folketettleik 116 / km²

Leinster
53°20′52″ N 6°15′35″ W
IrelandLeinster.png
Wikimedia Commons: Leinster

Opphavleg var det fem provinsar i Irland, men den minste provinsen Meath vart ein del av Leinster.

Skipet «Leinster» forliste i Dublin Bay i 1918 og 501 personar omkom. Skipet sitt anker ligg i dag på kaia i Dun Laoghaire.

ByarEndra

Den største byen i Leinster er Dublin, som er hovudstad i Republikken Irland. Storbyområdet til Dublin har 1 661 185 innbyggjarar (2006). Nokre av forstadane til Dublin er Tallaght (64 282), Blanchardstown (60 000), Clondalkin (43 929) og Lucan (37 622). Byen Kilkenny har 23 967 (2006).

ByarEndra

KjeldeEndra