Craigleith er ei lita øy i Firth of Forth utanfor North Berwick i East Lothian i Skottland. Namnet kjem frå det skotsk-gæliske Creag liath som tyder «grå stein». Ho er 24 meter over havet på det høgaste.

Craigleith frå hamna i North Berwick

Craigleith er ei rekkje øyar nær North Berwick i lag med Bass Rock, Fidra og The Lamb. Av dei fire øyane er ligg Craigleith nærast hamna i byen. Som dei andre øyane har Craigleith ein fuglekoloni. Craigleith er ein lakkolitt, ein lavadom. Det finst mykje spor etter gammal vulkansk aktivitet i Lothian, som Bass Rock og Arthur's Seat. Craigleith består av essexitt, som er populær å lage curlingsteinar av.[1]

Kjelder endre

  1. «Overview of Craigleith». Gazetteer for Skottland. Henta 8. februar 2010. 

56°04′N 2°43′W / 56.067°N 2.717°W / 56.067; -2.717